Lærdal kommune ved teknisk drift har sendt ut årets melding om ryddeaksjonen i posten til alle husstandar og verksemder…
Gamle Lærdalsøyri Grendalag har fått tildelt det vanlege området frå og med Øyraplassen til og med Esso. Avgrensing i nord er Grandanevegen og i sør langs Riksveg 5 avgrensa tilogmed Lindstrøm sin eigedom!
Vi organiserer med kaffi/te og kaker under scenetaket i Kvammegården som vanleg frå klokka 18.00
Kom og drikk ettermiddagskaffien og ta ein liten spasertur og ver med på å gjere nærmiljøet klart etter ein lang vinter!
Grendalaget har posar, hanskar og søppelklype!
Lærdal kommune hentar innsamla avfall tysdag 10.mai
På nettsida til Lærdal kommune står det at gatefeiinga starta veke 18 – altså neste veke!
Minner også om at kommunestyret vedtok 8.4.11 å setje i gong planprosess for å utvide verneområdet til også å omfatte Losjehuset og Ungdomshuset. Kommentarar og innspel til Lærdal kommune innan 10.mai 2011 – for meir informasjon sjå meldinga på nettsida til Lærdal kommune.