Vi viser til den utlyste vårryddeaksjonen som vi alle har fått brev om frå Lærdal kommune. Lærdal kommune tilbyr gratis opplasting og bortkøyring av søppel og skrot som vert sett fram til veg.
Ein del lag og organisasjonar har fått tildelt ansvar for ulike område i bygda.  Â
Gamle Lærdalsøyri Grendalag har fått ansvaret for rydding i området frå £yraplassen i aust, riksvegen i sør, Esso i vest og Grandanevegen i nord.
Samling i Kvammegården kl 1800 med vafler og kaffi –
GLG har søppelposar og hanskar,
bidra med ein liten kveldsrunde og rydd litt til pinse i nabolaget.
Det innsamla avfallet vert henta på torsdag.