Ordføraren ynskjer sal av Kvammes – formannskapsak tirsdag 22. september

Viser til laerdal.kommune.no – under menyen på høgre side Politikk og i sist innlagde dokument FS 2209 sak 148/09 -155/09 er dette sak 153. 

Framlegget frå ordføraren vart lagt fram og fekk Sp sine stemmer mot at ordet vurderast vart innarbeidd i teksten

 

Klipp frå www.laerdal.kommune.no:

Sal av Kvammes, £yragata 15
onsdag 23. september 2009 14:11
Lærdal kommune vurderar å selje eigedomen £yragata 15, tidlegare Kvammes Hotell. Eigedomen er på 476 kvm, herav ein bygningsmasse på ca 320 kvm. Bygget er frå 1886 og med sin storleik og prakt, er Kvammes eit sentralt bygg i verneområdet på Lærdalsøyri. Kommunen set krav til at kjøpar utviklar bygget i tråd med tidlegare bruk, det vil seie servering og overnattingsverksemd. Vår visjon er at eigedomen skal utviklast til eit kulturhotell, med det gamle bygningsmiljøet på Lærdalsøyri som ramme.Tilbod på eigedomen må vere kommunen i hende innan 30.10.2009 kl 12:00. Eit nærare prospekt, skisse over rominndeling og kart over området finn du her  Arne Sanden, ordførar

(GLG kommentar  – Til orientering – dei vedlagde teikningane er frå før førre oppussing av Kvammes.)

Detaljregulering av Gamle Lærdalsøyri – innspel til planarbeidet

Gamle Lærdalsøyri Grendalag
£yragata 27
6887 Lærdal
www.laerdalsoyri.org
gamle@laerdalsoyri.org

Lærdal kommune
Plan- og byggesaksavdelinga
6887 Lærdal  28.07.2009
DETALJREGULERING AV GAMLE LÆRDALSDALSØYRI

Viser til kartet som ligg ved kunngjeringa: Kartet er feil.
Kartet beskriv situasjonen før Infoplassen vart vedteken og bygd i 2005.

Lærdalsøyri på www.sognekart.no, er heller ikkje korrigert.

Alle som kjem til Lærdal via Fodnestunnelen, og nyttar GPS for å til dømes finne Turistkontoret, – blir i dag geleida inn i området via «Flystripa»/Infoplassen, fordi Statens Kartverk ikkje er oppdatert.

I 2008 ba årsmøtet i Gamle Lærdalsøyri Grendalag om ei forsøksordning med gågate, i påvente av reguleringsplan.

Følgande grunnar gjeld framleis:

  • stadig aukande trafikkmengd, også tungtrafikk
  • stor hastigheit, og manglande handheving av fartsgrensa
  • nedslite veglegeme
  • auka slitasje på bygningane
  • betre trafikktryggleik for besøkande og bebuarar, særleg born og eldre
  • ei meir positiv oppleving av området og auka trivsel

På det felles evalueringsmøtet av prøveordninga med gågate i fjor haust, var det brei semje om at dette hadde vore godt for området. Formannskapet fann det likevel ikkje tungtvegande nok til å halde fram med gågate.Â

Skiltinga som vart sett opp i år, vert av mange enten ikkje forstått eller respektert.

På evalueringsmøtet hausten 2008, poengterte politiet at ulike tidspunkt for opning og stenging, gjer til at færre respekterer skiltinga.

I denne samanhengen vert det også naturleg å diskutere dei ulike tilkomstvegane til området, og kva slags status dei skal ha.

Manglande drenering i området mellom Lindstrømbui og Lindstrøm Hotel, er eit problem som må løysast.
For enkelte av bygningane langs £yragata er problemet at vatnet vert ståande.
Andre stader renn overflatevatn inn i sidegater/geiler som til dømes mellom £yragata 21 og 23 og vidare mellom uthuset til £yragata 19/25 og uthuset til Bondehagsvegen 7.

Deler av dreneringsproblemet vert forsterka ved at gamal asfalt ikkje har vorte fresa ned, slik at enkelte snart kan stige ned på dørhella si.

Det er viktig for oss å poengtere at manglande vedlikehald av dei grusa vegane £rnegata, Gamlegata og Løyntnantsbrygga er eit reellt problem for brukarar av rullator og andre rørslehemma.Â

Gamle Lærdalsøyri er også eit buområde, – og det ynskjer me at det skal vere framover!

Me går også ut frå at Lærdalsmarknaden og Haustmarknaden er arrangement som held fram med å vere i området, – det same gjeld dei årvisse sykkelløpa.

Med val av nytt gatedekke må ein sikre at det får ei utforming som kan tilpassast dei ulike eigedomane, ulike funksjonar og ulik bruk – også over tid.

Dette gjeld til dømes innkøyring til eigedomane, hagar framfor husa og gatemøblar.

Våren 2005, la me fram synspunkta våre for det dåverande Formannskapet.

Vårt utgangspunkt var då som no, at verneområdet skal vere eit triveleg område for alle.

Trivest vi, – trivest turistane!

Ove Ingvar Feidje
leiar
Gamle Lærdalsøyri Grendalag

Detaljregulering av Gamle Lærdalsøyri

DETALJREGULERING AV GAMLE LÆRDALS£YRI – OPPSTART

Med heimel i plan- og bygningslova (gjeldande etter 01.07.09) §§ 12-3 og 12-8 vert det kunngjort oppstart av arbeid med Detaljregulering av Gamle Lærdalsøyri.

Formannskapet vedtok 17.03.09 sak 051/09 oppstart av ein utbyggingsplan for Gamle Lærdalsøyri.
I ny Plan- og bygningslov vert utbyggingsplan erstatta av detaljregulering.
Føremålet med planarbeidet er å laga ein reguleringsplan der ein vil sjå nærare på ulike løysingar med nytt gatedekke og trafikkregulerande tiltak på strekninga Lindstrøm hotell – Esso.

Planområde er vist på kart.

 Planområdet frå Lindstrøm hotel til Esso

Kommentarar/innspel til planarbeidet kan  sendast til Lærdal kommune, Plan- og byggesaksavdelinga, 6887 Lærdal innan 28.07.2009.

Jonsokaftan 2009

Vi feirar Jonsok ved Løyntnantsbrygga som tidlegare.

Grillane er varme frå klokka 18.00

Bålet vert tent klokka 20.00

Vert det vind vert bålbrenninga avlyst.

Ta med mat og drikke og stol.

Grendalaget held telt, bord og varme grillar

Ver velkomne!

Vekstkonkurranse laurdag 25. april klokka 10-15

På laurdag deler GLG ut solsikkefrø og jiffypotter på Rådhusplassen.

Konkuransen er todelt – mellomheat til Lærdalsmarknaden i juni - og finale til Haustmarknaden i september.

Som ein forsmak på kulturminneløypene i Lærdal, har vi også laga ei lita kulturminneløype med gevinstar frå fleire av medlemsbedriftene våre.   

Heit og kald i Eldhuset på laurdag

Hot and cold – Heit og kald

i lagslokalet til Lærdal husflidslag – Eldhuset laurdag 25. april 11-15
 
     – Det vert også strikkekafe med kaffi/te og gode kaker,
        for våren er rette tida å tenke på varme sokkar og gode sjal! 
 
Utstillinga: Hot and cold – Heit og kald er utlånt frå Norsk Quilteforbund  www.nqf.no 
 
 
Ein quilt eller kvilt vert definert som tre lag stoff som er sydd saman,
nokre tenkjer at kviltar og lappesaum er noko ein nyttar til vognteppe og sengeteppe - 
 
enkelte av kviltane som alle er 60x60cm, kunne nok ha vore nytta til vognteppe,
men det gjeld nok ikkje den tyske kvilten!
 
Denne utstillinga har vore i £sterrike og Frankrike –
det er 17 særs ulike kviltar frå Spania, Ungarn, Irland, Frankrike, Danmark, Luxemburg, £sterrike, Italia, Belgia, Island, Tyskland, Sverige, Spania, Sveits, Storbritania, Norge, Nederland.
 
 Dette er kviltar som er eit resultat av konkurransar i dei ulike landa sine nasjonale quilteforbund.
Dei nasjonale forbunda valgte 17 kviltar – fordelt i 17 koffertutstillingar som vert nytta som vandreutstillingar i dei ulike landa.
 
Hot and cold eller Heit og kald er altså utgangspunktet – og det 17 ulike kviltar.
 

Ryddeaksjon 22.april klokka 1800

Grendalaget har fått tildelt same området som tidlegare, - området mellom £yraplassen og Esso,  og frå £yragata og Grandanevegen.

Vi møtest på scena i Kvammegården til kaffi og kaker.

Få utdelt hanskar og søppelsekk og kombiner spaserturen med rydding i verneområdet.

Vi fraktar søppelposane til Miljøstasjonen på torsdag.

Velkomne!

Brannkonsulentar på synfaring i verneområdet

sos-brannconsult2.jpg

Atle Magne Strandos og Torfinn Slåtto frå SOS brannconsult var på synfaring i verneområdet, fredag 27.mars.
Dei er innleigde for å gi ei brannteknisk vurdering av verneområdet. Avstanden mellom fleire av bygga vart kontrollmålte,  dei var innom fleire bygningar for å vurdere behov for antall brannmeldarar og sjekka tilkomst til ulike bygningar.