Reguleringsplanen for området ved Losjehuset og Ungdomshuset vert drøfta i Formannsskapet 17.juni.
Les sakshandsaminga ved å trykke på «Les resten av dette innlegget».
Â
Saksnr |
Utval
|
 Møtedato
|
129/08 |
Formannskapet
|
17.06.2008
|
Sakshandsamar: Jan Olav Åsarmoen Møller |
Arkiv: K2-L12 |
Arkivsaksnr. 06/302 – 47 |
REGULERINGSPLAN – REGULERINGSENDRING FOR DEL AV £YRAMARKI, UTLEGGING TIL NYTT OFFENTLEG ETTERSYNKort samandragFormannskapet gjorde i møte 20.03.2007, sak 035/07, vedtak om å leggja ut framlegg til reguleringsplan for del av £yramarki, alternativ 2 og alternativ 3 til nytt offentleg ettersyn og ut på ny høyring. Planframlegget låg ute på høyring i perioden 30.03.2007 til 30.04.2007. Det kom i denne perioden inn 6 merknadar. Etter den siste utlegginga fekk kommunen tilbod om å kjøpa eigedommen frå grunneigar. Saka vart difor satt på vent. Planprosessen er no komen i gang att, etter at kommunen har kjøpt eigedommen.
Formannskapet hadde eit møte 06.05.2008, der ein drøfta endringar i planen. I og med at det er lang tid sidan planen sist låg ute til offentleg ettersyn, og endringar i høve det førre planframlegget er vesentlege, må planen leggjast ut til ny høyring og nytt offentleg ettersyn.
Rådmannen si tilråding:Formannskapet (planutvalet) vedtek i samsvar med Plan- og bygningslova § 27-1 at framlegg til reguleringsplan for del av £yramarki, vert lagt ut til nytt offentleg ettersyn og sendt på ny høyring.Vedlegg: - Framlegg til reguleringsplan, reguleringsendring, del av £yramarki.- Sakspapir 035/07, utlegging til offentleg ettersyn.- Innkomne merknadar i høyringsperioden 30.03.2007 – 30.04.2007:
– Berit Finstad, brev datert 16.04.2007
– Sogn og Fjordane Fylkeskommune, brev datert 25.04.2007
– Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, brev datert 27.04.2007
– Turid Hunderi, brev datert 27.04.2007
– Marie Jansen og Bjørg Marie Gustavsen, brev datert 30.04.2007
– Ingrid Jansen, brev datert 26.04.2007.
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.Plan- og bygningslova § 27-1
SaksutgreiingFormannskapet gjorde i møte 20.03.2007, sak 035/07, vedtak om å leggja ut framlegg til reguleringsplan for del av £yramarki, alternativ 2 og alternativ 3 til nytt offentleg ettersyn og ut på ny høyring. Planframlegget låg ute på høyring i perioden 30.03.2007 til 30.04.2007.Etter den siste utlegginga fekk kommunen tilbod om å kjøpa eigedommen frå grunneigar. Saka vart difor satt på vent. Planprosessen er no komen i gang att, etter at kommunen har kjøpt eigedommen.
Formannskapet hadde eit møte 06.05.2008, der ein vurderte endringar i planen.
Ein vis elles til dei førre sakspapira i saka 035/07, som vedlegg. VurderingPlanen er endra i samsvar med innspela på møtet i formannskapet 06.05.2008.
- For område B2 er det tilført fylgjande endringar i føresegnene: - Losjehuset skal bevarast slik som det ligg i dag. Bygningen kan settast i stand, men bygningen sin karakter skal framstå slik som den opphavleg blei bygd.- Det kan byggjast mindre bustadeiningar. BYA er sett til å vera 35%.
– Endringar gjort i plankart: Det er sett inn føremålsgrense mellom B1 og B2.
– Ein har elles endra plantekst slik at det er i samsvar med føresegnene.
I og med at det er lang tid sidan planen sist låg ute til offentleg ettersyn, og endringar i høve det førre planframlegget er vesentlege, må planen leggjast ut til nytt offentleg ettersyn.
Merknadar komne inn i høyringsperioden 30.03.2007 – 30.04.2007:Dei innkomne merknadane vil ikkje verta kommentert, då det føreliggjande planframlegget må reknast som ein ny plan i høve det førre planframlegget.Berit Finstad, brev datert 16.04.2007 - Føreslår at kommunen gjev eit tilbod og kjøper ut Losjehus eigedommen.
Sogn og Fjordane Fylkeskommune, brev datert 25.04.2007. - Kulturavdelinga kan ikkje sjå at det ligg føre særlege grunnar som tilseier at Losjehuset bør rivast, men heller at det ligg som ein viktig kulturhistorisk ressurs som kan utviklast.- Kulturavdelinga vil difor rå til at kommunen går for alternativ 2, der Losjehuset og gatestrukturen vert teke vare på slik den ligg i dag, og at ein opnar opp for ei fortetting og utbygging i området bak Losjehuset/Ungdomshuset.
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, brev datert 27.04.2007. - Miljøvernavdelinga har ikkje avgjerande merknadar til dei framlagde reguleringsalternativa. Dei viser til fråsegn frå fylkeskommunen, som har ansvaret for kulturvern/bygningsvern, og som gjennom arbeidsdeling mellom Fylkesmannen og fylkeskommunen i saker etter plan- og bygningslova, også har hovudansvar for planarbeid knytt til tettstadutforming.Turid Hunderi, brev datert 27.04.2007. - Ho tykkje det er godt at alternativ 2 som sikrar at Losjehuset vert ståande har fått så mykje støtte.- Ho har tidlegare gjort det kjent for kommunen at ho gjerne vil utvida det stykket som ho eig og byggja ein generasjonsbustad der. Ho ser det som eit vonbrot at tomta som ho har rekna med, no er vorten gjort mykje mindre enn det stykket ho eig. Dette kan føra til at ho må vurdera på nytt dei planane ho hadde for å byggje generasjonsbustad der.Marie Jansen og Bjørg Marie Gustavsen, brev datert 30.04.2007. - Tykkjer det er positivt at ein i alternativ 2 ynskjer at Losjehuset skal bevarast og at ein ser for seg ein oppgradering av huset.- I alternativ 2 er det skissert opp moglegheit for eit bustadhus bak Losjehuset, dei kan ikkje sjå at dette skulle vera i nokon konflikt med dagens bygningsmiljø, det vil derimot skapa meir liv.- Det siste forslaget om Losjehustomta med eit eventuelt aktivitetshus på baksida som kan fyllast med mennesker ser dei og som positivt for miljøet.
Ingrid Jansen, brev datert 26.04.2007. - Det gler ho at Alternativ 2 sikrar at Losjehuset vert ståande, og vil få si fornying.- Alternativ 2 gjev rom for at det vert sett opp eit bustadhus bak Losjehuset. Det er eit kompromiss som sikrar at eigaren av Losjehuset kan setja opp eit høveleg hus på dei vilkår som er nemnde i Norplan sin omtale av planen for dette alternativet. Ho tykkje det er fint at ein ved dette alternativet slik kjem eigaren av Losjehuset i møte.