Om GLG

GLG 17.01.-16.02.2005 – og tida etter!

Gamle Lærdalsøyri grendalag vart stifta som konsekvens av at formannskapet i Lærdal hadde sagt at ein ville satse stort på Gamle Lærdalsøyri.
Formannskapet – i denne samanhengen Styringsgruppa for gamle Lærdalsøyri, hadde sett ned 5 grupper leia av kvar av dei fem formannskapsmedlemmene som
skulle arbeide med ulike område.

Initiativet til grendalaget kom fordi ein hadde kjensla av å ikkje verte høyrt som enkeltpersonar og meinte det var ein god nok grunn til å lage eit formelt organ som kunne fungere som høyringsorgan. Ideen var allereie drøfta i etterkant av eit folkemøte som vart halde i Kultursalen før jul 2004, der ein hadde fått signal om at synspunkt og innspel «skulle takast med vidare».

I Formannskapet 18.januar 2005 skulle det opp ei løyvingssak som mellom anna omfatta «lysplanen» og «infoplassen».
Det var viktig å få gatelys i Øyragata, delvis som erstatning for eldre armatur, men i Ørnegata og Gamlegata mangla det gatelys.
Infoplassen oppfatta vi som relativt stor pengebruk utan at verneområda fekk så mykje igjen for det, men den var også skissert som eit først trinn i ein større plan
for utnyttinga av området nederst på Rådhusplenen.

På den uformelle kaffistunda med ordførar Knut og varaordførar Anna, bad vi om 3 vekers utsetjing, slik at vi kunne ha høve til å kalle inn til eit møte for dei som eig, bur og driv næring i dei to verneområda.

Anna og Knut meinte at desse sakene var vel førebudde og såg ikkje nokon grunn til å utsetje desse sakene.
Vi gjekk heim og danna interimstyre, og sende mail til dei fem formannsskapsmedlemane.
Vi sende brev til alle som var oppført som eigarar, budde eller dreiv næring og ba inn til møte i Ungdomshuset, seinare heldt vi fram med å sende informasjon.

På møtet i Ungdomshuset kom det også fram eit ynskje om andre tiltak – difor har ein sidan 2005 hatt Solfest med Solbollar og kaffi på Potters kafe den laurdagen som har vore nærast 1.april for å feire at sola endeleg er attende på Øyri.
Vi vart bedne om å ta over pyntinga av scena i Kvammegården til 17.mai frå husflidslaget.
Sidan 2005 har grendalaget laga jonsokfeiring og stillt med oppvarma grillar ved Løyyntnantsbrygga, til bålet har vi fått god hjelp frå Lærdal energiverk med
kabeltromlar, og kommunalt mannskap og køyretøy.

Elles har trafikktiltak vore viktige område for grendalaget. I april 2005 ba GLG om å få møte formannskapet, der styret la fram forslag til strakstiltak som kunne setjast igang medan ein venta på at ulike planarbeid vart ferdig.

Elles at det skal takast omsyn til at dette er eit bustadområde; «vern gjennom bruk» og «trivest vi – trivest turistane».

Suksessfaktoren til det tidlegare arbeidsutvalet for gamle Lærdalsøyri; – gratis linoljemåling om ein fyl fargeplanen held fram med å vere ei viktig fanesak også for GLG. Etter at den nye forvaltningsplanen blei teken i bruk, har det vore praksis med støtte til ca 60 % av kostnadane av linoljemåling.

Styremedlemene i GLG fekk etterkvart løyve til å delta i dei fem arbeidsgruppene.

Med nytt formannskap hausten 2007 forsvann styringsgruppa knytt til dei ulike formannskapsmedlemmene.
Det vart endra til to grupper med litt annan samansetjing,-
Gruppa for arrangement og marknadsføring og Tettstadgruppa.

GLG vel dei to lokale  medlemane til Fagrådet for gamle Lærdalsøyri. I forvaltningsplanen for gamle Lærdalsøyri heiter det at dei to medlemene frå verneområda er oppnemd av organisasjonen for huseigarane og brukarane.

Det meste av informasjon vert sendt ut til alle, noko av informasjonen vert sendt ut til medlemmene.
Av dei 160 bygningane  i dei tidlegare to verneområda var det ein del bustadhus, ein del næringsverksemder, men også uthus og naust.
Ein del av bustadhusa er heilårsbustadar, andre vert i meir og mindre grad nytta som fritidsbustad.

2.oktober 2008 vedtok Lærdal kommune den nye reguleringsplanen, der er bygningane mellom dei to verneområda inkludert – slik at ein no berre har eit Verneområde. Verneområdet på gamle Lærdalsøyri er no på vel 170 bygningar.

Årsmøtet 28.02.2009 tilpassa difor vedtektene til dette.
Styresamansetjinga vart også endra til 5 faste og 3 vara. Den opprinnelege 5 delinga av Gamle Lærdalsøyriprosjektet som det førre Formannskapet hadde, gjer det ikkje lenger  turvande med ei inndeling med personlege varamedlemmer.

 

Vedtektene våre

§1 Føremål
Gamle Lærdalsøyri Grendalag (GLG) har til føremål å arbeide for eit betre bumiljø og sikre verneinteressene i området. Vi vil arbeide for å fremje kultur, næringsliv og trivselstiltak elles, til nytte og glede for alle som bur og ferdast innanfor verneområdet. Vi ynskjer å vere eit bindeledd mellom Verneområdet og Lærdal kommune og andre offentlege instansar i saker som påverkar oss.

§2 Medlemmer
Alle eigarar, bebuarar og leigetakarar av bustadeigedomar og næringseigedomar i Verneområdet, kan vere medlemar.

§3 Årsmøtet
Årsmøtet er GLG sitt høgaste organ og skal avviklast i tidsrommet 17. januar til 16. februar. Årsmøtet skal innkallast med minst tre vekers varsel.

Framlegg til årsmøtet må vere styret i hende to veker før årsmøtet. Seinast ei veke får årsmøtet skal styret sende ut endeleg sakliste med eventuelt innkomne framlegg og forslag til budsjett. Årsmelding og rekneskap vert utdelt på årsmøtet.

Årsmøtet skal godkjenne årsmelding, rekneskap og budsjett.

Vedtektene kan kun endrast av årsmøtet med minst 2/3 fleirtal.

Stemmerett på årsmøtet har dei som har betalt medlemskontingent.

Årsmøtet vel valkomiteen som skal vere samansett av 3 medlemar med funksjonstid 1 år.

GLG skal ha ein revisor med funksjonstid 2 år. Revisor skal revidere rekneskapet, og leggje fram revisjonsmelding.

§4 Styret
GLG skal leiast av eit styre på 5 medlemar med 3 varamedlemar. Leiaren skal veljast særskilt. Ved val av styremedlemar bør ein søke breiast mogeleg representasjon.

Leiar vert vald for eit år om gongen, styremedlemane vert valde for to år om gongen, slik at to står på val eit år og to neste år. Styret konstituerer seg sjølv.

Styret kan opprette eigne utval og peike ut representantar til eventuelle samarbeidsorgan.


§5 Medlemskontingent

Årsmøtet fastset medlemskontingenten som skal gjelde for kvart påbegynt kalenderår. Kontingenten skal gå til drift av laget og til trivselstiltak i Verneområdet.

§6 Ekstraordinært Årsmøte
Ekstraordinært årsmøte kan haldast når styret ynskjer det, eller når minst 1/3 av medlemene krev det.

§7 Oppløysing
Oppløysing av GLG kan kun skje dersom 2/3 av medlemmene på årsmøtet er einige i dette. Vedtak om oppløysing må stadfestast på ekstraordinært årsmøte som må haldast innan 6 månader. Eventuelle midlar som er til overs, vert stilt til disposisjon for det siste styret, som etter beste skjøn nyttar beløpet til fordel for Verneområdet.

Vedtekne på Stiftingsmøtet 16.02.2005, med endringar på årsmøtet 28.02.2009.

 

Legg igjen en kommentar