Frå flickr-albumet

Kalender

mai 2012
man tir ons tor fre lør søn
 123456
78910111213
14151617181920
21222324252627
28293031EC

Kalenderhendingar

    • Ingen hendelser.
  • Andre viktige ting

  • Bedrifter på Gamle Lærdalsøyri

  • Kunngjeringar

  • Linkar

  • Linoljemaling

  • Marknadane

  • Presse

  • Trafikk

  • Vern

  • Årets Ryddeaksjon måndag 7. mai, kl. 18.00

    fredag 4. mai 2012

    Gamle Lærdalsøyri Grendalag har fått tildelt det vanlege området frå og med Øyraplassen til og med Esso. Avgrensing i nord er Grandanevegen og i sør langs Riksveg 5 avgrensa til og med Lindstrøm sin eigedom!

    Vi organiserer med kaffi/te og kaker under scenetaket i Kvammegården, som vanleg frå klokka 18.00
    Kom og drikk ettermiddagskaffien og ta ein liten spasertur og ver med på å gjere nærmiljøet klart etter ein lang vinter!

    Grendalaget har posar, hanskar og søppelklyper!

    Basar på Ungdomshuset Frilund

    søndag 22. april 2012

    Lærdal Ungdomslag held basar på Ungdomshuset Frilund i dag klokka 15.00.

    Sjå og nettsida til Lærdal Ungdomslag

    GLG vil få ynskje alle ei retteleg God Jul, og eit GODT NYTT ÅR!

    lørdag 24. desember 2011

    Jonsokfeiring på “bålplassen” 23.juni!

    tirsdag 21. juni 2011

    Grillane vert tende klokka 19, der vi dei siste åra har feira jonsok,- rett overfor Løyntnantsbrygga.

    Grendalaget har telt og bord.

    Ta med stol!

    Ver velkomen!

    Bålet vert tent noko seinare -, med atterhald om sterk vind!

    Vårens ryddeaksjon måndag 9.mai – og litt til!

    torsdag 28. april 2011

    Lærdal kommune ved teknisk drift har sendt ut årets melding om ryddeaksjonen i posten til alle husstandar og verksemder.

    Gamle Lærdalsøyri Grendalag har fått tildelt det vanlege området frå og med Øyraplassen til og med Esso. Avgrensing i nord er Grandanevegen og i sør langs Riksveg 5 avgrensa tilogmed Lindstrøm sin eigedom!

    Vi organiserer med kaffi/te og kaker under scenetaket i Kvammegården som vanleg frå klokka 18.00
    Kom og drikk ettermiddagskaffien og ta ein liten spasertur og ver med på å gjere nærmiljøet klart etter ein lang vinter!

    Grendalaget har posar, hanskar og søppelklype!

    Lærdal kommune hentar innsamla avfall tysdag 10.mai

    På nettsida til Lærdal kommune står det at gatefeiinga starta veke 18 - altså neste veke!

    Minner også om at kommunestyret vedtok 8.4.11 å setje i gong planprosess for å utvide verneområdet til også å omfatte Losjehuset og Ungdomshuset. Kommentarar og innspel til Lærdal kommune innan 10.mai 2011 – for meir informasjon sjå meldinga på nettsida til Lærdal kommune.

    Basar for ungdomshuset Frilund

    lørdag 16. april 2011

     

    Palmesøndag 17.april kl.15.00

    Fine gevinstar – trekning av bøker og åresal!

    Kaffi og gode kaker!

    Meldinga på Porten.

    Etterskrift:

    Inntektene på basaren vart på vel 58.000!

    Fullt hus, effektive rundar med åresal og flott basarstemning, gode kaker og kaffi!

    På “Digitalt fortalt” finn vi denne historia om 17.maitalen til prosten  i 1933, nedskriven 50 år etter av Oskar Nesse.

    Bilde frå brannøvinga for Verneområdet 12.april i Kvammegården

    torsdag 14. april 2011

    Kvammegården mot Kulturbanken

    Brannvesenet rykkjer inn

    Samling under scenetaket i Kvammegården

    Varabrannsjefen orienterer

    Vasstrykket aukar!

    Vassvegg/vannvegg mellom Galleriet og Kulturbanken

    Meir info om vannvegg
    Brannsjefen orienterer

    Røykdykkarane er ferdig påkledd og klare

    Lydhøyrt publikim

    Demonstrasjon av termokamera

    Kaffikos for staute brannvern

    - meir kaffipause!

    Varabrannsjefen forklarar korleis ein tek ut splinten på vassposten

    Vassposten - 50 meter slange klar til utrulling

    Testing av vassposten

    Klar for å rulle vasslangen på plass att!

    Kvifor og korleis ta vare på dei gamle vindua – Byantikvaren Oslo kommune

    tirsdag 12. april 2011

    Byantikvaren – Oslo kommune har lagt ut informasjonsark om vindu.

    Brannøving i Verneområdet – Kvammegården 12.april 18.30

    onsdag 23. mars 2011

    Lærdal Brann og Redning har planlagt øving i Verneområdet tysdag 12. april kl 1830 med oppmøteplass i Kvammegården.

    Kaffi/te og kaker vert servert frå 18.00 under scenetaket!
     
    Øvinga vil være ein del av brannvernopplæringa til huseigarar og dei som bur  i verneområdet. Det vil bli høve til å få prøve vasspostane i området. Det vil  bli  informasjon om prosjektet i verneområdet og Lærdal brann og redning vil svare på spørsmål.
     
    Lærdal brann og redning har bedt om at vi informere eigarar og dei som bur i verneområdet om øvinga.

    Spesielt ber Lærdal brann og redning om at fylgjande informasjon  vert gjeven :
     
    *Lærdal brann og redning minner om at det er huseigar sitt ansvar at det er  montert  private røykvarslarar  i  bustadhus.  Sjølv om det no er montert røykdetektorar i regi av ”Brannberedskap i verneområdet”  skal private røykvarslarar ikkje demonterast.  
    *Me vil og minne om kontroll av  røykvarslar og byte av batteri.  Dersom den private røykvarslaren er eldre enn 10 år bør den skiftast ut. Viser til link  frå direktoratet  :  http://www.dsb.no/nn/Ansvarsomrader/Brannvern/Hjem-og-fritid-privat/Roykvarsler1/

    Familien nr 6/2011 – 14.mars “Ved foten av breen” side 108-112

    søndag 13. mars 2011

    Vi gler oss over å lese artikkelen av Elise og Lars Lindberg, der GLG si verdsvevside er nemnt som nyttig nettadresse. Artikkelen viser sommaren i Sogn og Fjordane.

    Vi viser gjerne vidare til fleire nettadresser med tilbodet Lærdalsøyri kan by på, –  når berre sommaren kjem.
    Flickr-albumet har fått nokre fleire vinterbilde for å vise at denne vinteren har hatt nesten like mykje snø som rekordvinteren 1994.
    I skrivande augneblink ventar vi på soli og lengtar til våren!

    Vi minner om at  Sogn kunstsenter opnar 3.juni med same adresse som Lærdal kulturhus og  Norsk villakssenter.
    I bygget på elvegranden vil mange funksjonar verte samla – Turistkontor, Gjesmesamlinga, butikk, kafe, lydstudio og kultur-& kinosal.

    Sogn kunstsenter er ein del av Sogn og Fjordane kunstmuseum -
    bla fram til side 17 av 21!
    Astrup Fearnley Museet for Moderne kunst presenterer følgande opningsutstilling frå 3.juni: 

    Norske maleri 1970-2010 – Fra Bleken til Melgaard

    Lærdal kommune si side med lenkjer og kontaktinformasjon – turistinformasjon.

    Elles ikkje nemnd i artikkelen matservering; - Kvammes Kafe og Pub i Øyragata 15.

    Desse vinterbileta er også å finne som eit “set” under Flickr-albumet “Januar 2011″ i høgremenyen!

    Kategoriar

    Om sida

    Laerdalsoyri.org, drive av Wordpress v. 3.1.3, Designa av Tanketom

    Meir om GLG

    Administrasjon