Service på brannvarslingsanlegget

Kopi av brev sendt til alle eigarane i mars 2013:

Huseigarar i verneområdet

Info skriv – Service på brannvarslingsanlegg…

Brannvarslings anlegget i verneområdet vart sluttførd i 2010.

2tal Elektro saman med Lærdal kommune skal no ha fyrste gongs service av anlegget.
Servicen er ein visuell kontroll av detektorane, samt utskifting av batteri. Arbeidet vil starte opp i veke 15.

I den forbindelse treng Lærdal kommune tilgang til alle bygningar som er detekterte. Det er veldig viktig at vi får tilgang, slik at servicen blir gjort fortløpande i heile verneområdet.

Vi har motteke nokre nøklar, men vi ynskjer å få nøklar til alle bygg. Dette vil lette arbeidet vårt seinare, dersom det skal oppstå ei uforutsett hending med anlegg eller i verste fall eit branntilløp.

I den forbindelse ynskjer vi å skrive ein nøkkelavtale med huseigarane. Vi ynskjer også at dei som har levert nøkkel til kommunen også underteiknar denne avtalen.

Når det gjeld oppbevaring av alle desse nøklane, var det meininga at dei skulle vera i den framskutte einheita. Vi ser no at dette er lite hensiktsmessig, og det vert vurdert om det skal monterast nøkkelboksar på kvart hus. Boksane er FG-godkjende. Dette er dei same boksane som vert bruk for dei som har tryggleiksalarm. Plassering av ein slik boks vil verte ved sidan av inngangs døra.

Underteikna er på rådhuset måndagen og tysdagen i påskeveka. Fint om flest mogeleg kunne levert nøklar og underteikna ei nøkkelavtale.

Spørsmål om nøklar og avtalar kan rettast til: Robert Lysne Elgåen

Tlf. 57 64 12 36 eller mob. 936 12 708
E-post: rle@laerdal.kommune.no

Magnar Horge i Lærdal kommune har ansvaret for servicen på anlegget. Han kan treffast på mobil 911 90 641. I påskeveka er han å treffa på mobil måndag – onsdag frå kl.13 – 15.

Med helsing

Robert Lysne Elgåen
ingeniør

Legg igjen en kommentar