TRAFIKKSITUASJONEN PÅ GAMLE LÆRDALS£YRI
Vi minner om møtet Formannskapet/Styringsgruppa hadde med styret i GLG i april 2005, der bad de om å få dei omtala «strakstiltaka» i skriftleg form, sendt direkte til Formannskapet for raskare handsaming.
Etter den tid har andre kome med løysinga «Gatetun», som kun krev skilt i ytterkantane av området.
Det har stendig vorte vist til nytt planarbeid. Medan vi ventar på utarbeidinga av dette og utføring av tiltak i høve til planane, ynskjer vi å minne om at alle desse tiltaka er relativt rimelege, dei er reversible og enkle å få utført.
TRE PROBLEMOMRÅDE
- Høg fart frå aust.
- Gang- og sykkelvegen mot Rådhusparken, vegen er skilta med forbud for motorvogn.
- Området frå Lindstrøm Hotel til Esso.
Vegen er for brei for at 30-soneskiltet som står ved gamle brannstasjonen, er gyldig åleine. Manglande 30-soneskilt er innkjøpt og levert som gåve frå Gamle Lærdalsøyri Grendalag. Dersom planarbeidet endar opp med å flytte sona heilt fram til riksvegen, kan skiltet flyttast dit.
Grunna omlegging i trafikkmønsteret, inkludert sperring av direkte tilkomst til pumpehuset, vert vegen i aukande grad nytta, også til varelevering og privat køyring.
Syklistar gjennom Kvammegården, ventar heller ikkje å treffe motorkøyretøy i høg fart frå venstre, i det dei svingar ut i denne vegen. Dette er også eit område der born leikar. Her har det allereie skjedd mange nesten-ulykker.
Vi forventar at det snarast vert vist vilje til å gjere noko med dette.
Â
Vi har tidlegare påpeikt at planarbeidet som er på gang frå Lindstrøm Hotel til Lindstrømbui, burde ha inkludert heile området.
Det kan sjå ut som om Lærdal kommune til dømes ynskjer å planlegge «private hagar» i £yragata, men ikkje ynskjer å planlegge bruk av parkeringsareal og andre trafikale problem i høve Kulturbanken, Turistkontoret, Kvammegården og næringsverksemder i området, samt gjennomgangstrafikken.
Gamle Lærdalsøyri Grendalag har avsett midlar som skal gå til tiltak i området.
Vi kan gjerne skaffe blomsterkassar, om de gjev oss løyve til å sette dei opp, medan vi ventar på at planarbeidet vert ferdig og andre trafikkregulerande tiltak vert iverksett.
 Â
Â
Â
Â
Â
 Â
 Â
 Â
 Â
 Â
 Â
 Â