Forsøksordning med gågate på gamle Lærdalsøyri

I brev til Lærdal kommune ved ordførar Arne Sanden ber Gamle Lærdalsøyri Grendalag om at £yragata vert stengt mellom Lindstrøm Hotel og gamle Holdeplassen frå mai til september.

Sjå også bilete 

Til Lærdal kommune
Formannsskapet
v/ordfører Arne Sanden

Forsøksordning med gågate på gamle Lærdalsøyri

Årsmøtet i Gamle Lærdalsøyri Grendalag ber, i påvente av ny reguleringsplan for verneområdet, om ei forsøksordning med gågate i £yragata frå Lindstrøm Hotell til gamle Holdeplassen. Vi føreslår perioden mai til september, med ei evaluering av tiltaket til hausten.

Grunngjevinga er

  • stadig aukande trafikkmengd, også tungtrafikk
  • stor hastigheit, og manglande handheving av fartsgrensa
  • nedslite veglegeme
  • auka slitasje på bygningane
  • betre trafikktryggleik for besøkande og bebuarar, særleg born og eldre
  • ei meir positiv oppleving av området og auka trivsel

Med venleg helsing
for styret i Gamle Lærdalsøyri Grendalag

Ove Ingvar Feidje
leiar

Ein tanke om “Forsøksordning med gÃ¥gate pÃ¥ gamle Lærdalsøyri

  1. Ove.

    Jeg synes det var flott at styret har sendt dette brevet til formannskapet.
    Jeg tror personlig det er viktig for saken at styret har tatt dette initiativet.
    Det gjenstÃ¥r Ã¥ se om det vil ha en positiv virkning – hÃ¥pe kan man jo.

    Jeg ønsker lykke til i det videre arbeidet for å skape et bedre miljø for beboere og andre i det aktuelle området.

    Med hilsen

    Astrid og Karsten Henriksen

Legg igjen en kommentar