Kategoriarkiv: Nyheit

Alle generelle nyheiter på sida.

Budsjett 2009

Gamle Lærdalsøyri Grendalag svara på oppfordringa frå Formannskapet om å delta i budsjettarbeidet,

og har motteke førebelse svar – sjå nederst på same lenkja.

Sjå også under «Trafikk- lenkjene» nederst på høgresida «Trafikksituasjon – dekkevedtak 2006″!

Les alt

Brannøving i Kvammegården måndag 13.oktober 18.00-19.45

Lærdal Brannvesen ynskjer å informere om brannøving mandag 13. Oktober kl 18oo. 

Brannøvinga vil hovudsak bli utført i Kvammegården.

Bebuarane og dei næringsdrivande i verneområdet er hjarteleg velkomne til å sjå kva brannvesenet vil øve på.

Leiinga i brannvesenet vil og svare på spørsmål om brannvern av Gamle Lærdalsøyri.

£vinga vil halde på til kl 1945.

Med venleg helsing
Lærdal Brannvesen
Varabrannsjef
Johnny Skjerping
Mobil 907 46 103

Gamle Lærdalsøyri grendalag har teke på seg å orientere om brannøvinga.
Alle eigarar, bebuarar, næringsdrivande og leigetakarar får informasjon i posten. 

Det som i tillegg  er skrive i brevet, er at det vert servert kaffi under plasttaket på scena!

Etterskrift - litt for mørkt for gode bilete utan blits.
Men for oss som var til stades, var det godt å sjå det nye utstyret som viser korleis brannvesenet kan lage ein vannvegg mellom bygningane! 
Biletet til høgre viser vannveggen mellom Galleriet til Kristen Olav og Kulturbanken/Turistkontoret. 

Haust

No er sumaren ikkje langt frå over, og det blir stadig færre turister i gatene. Me avsluttar august med nokre kveldsbilete frå Gamleøyri.

I anledning hans 100års-jubileum tek me også med kva Olav H. Hauge hadde synt av vårt fagre Vestland dersom han hadde fått besøk av favorittkinesaren, poeten Tào Chìen.

Tào Chìen

Kjem Tào Chìen
på vitjing ein dag, vil eg
syna han kissebærtrei og aplane mine,
eg vil helst han skal koma um våren
når dei stend i blom. Etterpå skal me sitja i skuggen
med eit glas sider, kanskje kan eg syna han
eit dikt – um eg finn eitt han likar.

- Olav H. Hauge

Sykkelhelg i Lærdal

Jotunheimen rundt

Dei første startar fredag kl 1800, resten startar i ulike puljar rundt 9-tida fredagskvelden.

klikk her for meir info 

  

Norsk Syklefestival

laurdag 5.juli

Lærdal Tempo          – kl 10.00, eit temporitt på 10 km frå £yri til Erismarki og attende på £yri

Klassiske Lærdal      – kl 18.00, 60 runder a 1200 meter i Lærdal sentrum

siste nytt frå  Sogn Avis 

Porten sin artikkel  

Flickrbilete frå Klassiske Lærdal 

søndag 6.juli

Lærdal Grand Prix   - kl 09.00 eit landeveisrtt på 146 km.

4 store rundar a 23,2 km £yri – Tønjum – E16 £yri og
15 små runder a 3,5 km £yri – E16 – £yri

Sommar i Kvammegården 2008

Kulturkontoret fortset Sommarkonsertprosjektet frå i fjor, med musikk i Kvammegården kvar onsdagskveld i 6 veker.

Speleplan for sommaren 2008:

Onsdag 9.juli              Longhorn

Onsdag 16.juli            Gudmund og Marita

Onsdag 23.juli            Anette og Ida

Onsdag 30 juli            Guro, Jostein og Gudmund

Onsdag 6.august        Guro, Jostein og Gudmund

Onsdag 13.august       Gudmund og MaritaÂ