Viser til laerdal.kommune.no – under menyen på høgre side Politikk og i sist innlagde dokument FS 2209 sak 148/09Â -155/09 er dette sak 153.Â
Framlegget frå ordføraren vart lagt fram og fekk Sp sine stemmer mot at ordet vurderast vart innarbeidd i teksten
Klipp frå www.laerdal.kommune.no:
Sal av Kvammes, £yragata 15 |
onsdag 23. september 2009 14:11 | |
Lærdal kommune vurderar å selje eigedomen £yragata 15, tidlegare Kvammes Hotell. Eigedomen er på 476 kvm, herav ein bygningsmasse på ca 320 kvm. Bygget er frå 1886 og med sin storleik og prakt, er Kvammes eit sentralt bygg i verneområdet på Lærdalsøyri. Kommunen set krav til at kjøpar utviklar bygget i tråd med tidlegare bruk, det vil seie servering og overnattingsverksemd. Vår visjon er at eigedomen skal utviklast til eit kulturhotell, med det gamle bygningsmiljøet på Lærdalsøyri som ramme.Tilbod på eigedomen må vere kommunen i hende innan 30.10.2009 kl 12:00. Eit nærare prospekt, skisse over rominndeling og kart over området finn du her  Arne Sanden, ordførar |
(GLG kommentar – Til orientering – dei vedlagde teikningane er frå før førre oppussing av Kvammes.)