Detaljregulering av Gamle Lærdalsøyri – innspel til planarbeidet

Gamle Lærdalsøyri Grendalag
£yragata 27
6887 Lærdal
www.laerdalsoyri.org
gamle@laerdalsoyri.org

Lærdal kommune
Plan- og byggesaksavdelinga
6887 Lærdal  28.07.2009
DETALJREGULERING AV GAMLE LÆRDALSDALSØYRI

Viser til kartet som ligg ved kunngjeringa: Kartet er feil.
Kartet beskriv situasjonen før Infoplassen vart vedteken og bygd i 2005.

Lærdalsøyri på www.sognekart.no, er heller ikkje korrigert.

Alle som kjem til Lærdal via Fodnestunnelen, og nyttar GPS for å til dømes finne Turistkontoret, – blir i dag geleida inn i området via «Flystripa»/Infoplassen, fordi Statens Kartverk ikkje er oppdatert.

I 2008 ba årsmøtet i Gamle Lærdalsøyri Grendalag om ei forsøksordning med gågate, i påvente av reguleringsplan.

Følgande grunnar gjeld framleis:

  • stadig aukande trafikkmengd, også tungtrafikk
  • stor hastigheit, og manglande handheving av fartsgrensa
  • nedslite veglegeme
  • auka slitasje på bygningane
  • betre trafikktryggleik for besøkande og bebuarar, særleg born og eldre
  • ei meir positiv oppleving av området og auka trivsel

På det felles evalueringsmøtet av prøveordninga med gågate i fjor haust, var det brei semje om at dette hadde vore godt for området. Formannskapet fann det likevel ikkje tungtvegande nok til å halde fram med gågate.Â

Skiltinga som vart sett opp i år, vert av mange enten ikkje forstått eller respektert.

På evalueringsmøtet hausten 2008, poengterte politiet at ulike tidspunkt for opning og stenging, gjer til at færre respekterer skiltinga.

I denne samanhengen vert det også naturleg å diskutere dei ulike tilkomstvegane til området, og kva slags status dei skal ha.

Manglande drenering i området mellom Lindstrømbui og Lindstrøm Hotel, er eit problem som må løysast.
For enkelte av bygningane langs £yragata er problemet at vatnet vert ståande.
Andre stader renn overflatevatn inn i sidegater/geiler som til dømes mellom £yragata 21 og 23 og vidare mellom uthuset til £yragata 19/25 og uthuset til Bondehagsvegen 7.

Deler av dreneringsproblemet vert forsterka ved at gamal asfalt ikkje har vorte fresa ned, slik at enkelte snart kan stige ned på dørhella si.

Det er viktig for oss å poengtere at manglande vedlikehald av dei grusa vegane £rnegata, Gamlegata og Løyntnantsbrygga er eit reellt problem for brukarar av rullator og andre rørslehemma.Â

Gamle Lærdalsøyri er også eit buområde, – og det ynskjer me at det skal vere framover!

Me går også ut frå at Lærdalsmarknaden og Haustmarknaden er arrangement som held fram med å vere i området, – det same gjeld dei årvisse sykkelløpa.

Med val av nytt gatedekke må ein sikre at det får ei utforming som kan tilpassast dei ulike eigedomane, ulike funksjonar og ulik bruk – også over tid.

Dette gjeld til dømes innkøyring til eigedomane, hagar framfor husa og gatemøblar.

Våren 2005, la me fram synspunkta våre for det dåverande Formannskapet.

Vårt utgangspunkt var då som no, at verneområdet skal vere eit triveleg område for alle.

Trivest vi, – trivest turistane!

Ove Ingvar Feidje
leiar
Gamle Lærdalsøyri Grendalag

Legg igjen en kommentar