Kategoriarkiv: Nyheit

Alle generelle nyheiter på sida.

Takk til alle som deltok og som hjalp til

jonsok2007-22.jpg
Gamle Lærdalsøyri Grendalag ynskjer med dette å takke alle som deltok og gjorde Jonsokfeiringa vår til ei fin oppleving, trass det noko ustadige veret i år og.

Me vil og få retta ein stor takk til alle støttespelarane som var med oss og gjorde det mogleg å arrangere bålfest ved Løyntnantsbrygga på Gamle Lærdalsøyri.

JONSOKAFTAN 2007

Me feirar Jonsok på bålplassen tvers over for Løyntnantsbryggja laurdag 23.juni.
Grillane er klare klokka 18.30!
Me tenner bålet 20.30!
Ta med stolar, mat og drikke!Vert det vind, vert bålbrenninga avlyst!
Grendalaget har grillar, bord og telt!

Hjarteleg velkomne!

Trafikksituasjonen pÃ¥ Gamle Lærdalsøyri – igjen…..

Brev til Formannskap/Styringsgruppa for prosjekt Gamle Lærdalsøyri 

TRAFIKKSITUASJONEN PÅ GAMLE LÆRDALS£YRI – IGJEN!

Vi minner om møtet Formannskapet/Styringsgruppa hadde med styret i GLG i april 2005, der bad de om å få dei omtala «strakstiltaka» i skriftleg form, sendt direkte til Formannskapet for raskare handsaming.

Trafikksituasjonen har de elles vore mint på både i skriftleg og i munnleg form ved gjentekne høve.

Les alt

VÃ¥rrydding 2007

Vi viser til den utlyste vårryddeaksjonen som vi alle har fått brev om frå Lærdal kommune. Lærdal kommune tilbyr gratis opplasting og bortkøyring av søppel og skrot som vert sett fram til veg.

Ein del lag og organisasjonar har fått tildelt ansvar for ulike område i bygda.   

Gamle Lærdalsøyri Grendalag har fått ansvaret for rydding i området frå £yraplassen i aust, riksvegen i sør, Esso i vest og Grandanevegen i nord.

Samling i Kvammegården  kl 1800 med vafler og kaffi –

GLG har søppelposar og hanskar,

bidra med ein liten kveldsrunde og rydd litt til pinse i nabolaget.

Det innsamla avfallet vert henta på torsdag.

Brev til Formannskapet

TRAFIKKSITUASJONEN PÅ GAMLE LÆRDALS£YRI

Vi minner om møtet Formannskapet/Styringsgruppa hadde med styret i GLG i april 2005, der bad de om å få dei omtala «strakstiltaka» i skriftleg form, sendt direkte til Formannskapet for raskare handsaming.

Etter den tid har andre kome med løysinga «Gatetun», som kun krev skilt i ytterkantane av området.

Det har stendig vorte vist til nytt planarbeid. Medan vi ventar på utarbeidinga av dette og utføring av tiltak i høve til planane, ynskjer vi å minne om at alle desse tiltaka er relativt rimelege, dei er reversible og enkle å få utført.

Les alt

Gjeninnfør viktig vernetiltak – no!

Årsmøtet i Gamle Lærdalsøyri grendalag er svært skuffa over at Lærdal kommune har valt å ikkje vidareføre den innarbeidde praksisen med gratis husmåling i verneområda. Denne ordninga har vore eit vellukka tiltak i vernearbeidet gjennom fleire tiår! Etter eitt år opphald i samband med innføring av ny forvaltningsordning, vart det i fjor innført ei ordning med 60 % refusjon ved kjøp av linoljemåling. Den auka kostnaden for huseigarane i verneområda har gjort at mange fleire enn før har valt andre (og rimelegare) målingstypar.
Årsmøtet i Gamle Lærdalsøyri grendalag ber Lærdal kommune om å gjeninnføre praksisen med gratis husmåling innan dei regulerte bevaringsområda, før neste søknadsrunde.
Einstemmig vedteke på årsmøtet i Gamle Lærdalsøyri Grendalag 17.02.2007

Skiltgåve til Lærdal kommune

Gamle Lærdalsøyri Grendalag har kjøpt eit 30-sone-skilt til Lærdal kommune.
Grendalaget ber om at skiltet vert plassert ved den gamle brannstasjonen i Lærdal, sidan det eine skiltet som har stått der i mange år, ikkje er gyldig etter Vegtrafikklova.

Med overrekkinga ynskjer vi å få fokus på at dette er eit område med dårleg trafikksikkerheit for alle i området, spesielt born, eldre og turistar.

I desse dager er det to år sidan Gamle Lærdalsøyri Grendalag (GLG) vart stifta. Våren 2005 skisserte GLG nokre strakstiltak som skulle føre til eit tryggare miljø for bebuarar og turistar. Blomsterkasser og innføring av gatetun for å hindre høg fart er nokre av tiltaka som har vore føreslegne. Handsaming av strakstiltaka har blitt utsett i to år på grunn av stadig nytt og spanande planarbeid.
Medan grendalaget ventar på fullføringa av planarbeidet, gjev me kommunen eit skilt slik at innfartsåra til området er gyldig skilta. Gyldig skilting gjer óg til at det vert lovleg med fartskontrollar i området.