Kategoriarkiv: Nyheit
Brannsikring i verneområdet – retur av avtale før 21.12.!
Ein del av brannsikringstiltaka i verneområdet skal setjast i gang,
difor er avtalen mellom huseigarane og Lærdal kommune no sendt ut!
Vi viser til innleiinga av den utsende avtale:
«Lærdal kommune arbeider med brannsikringsplan for verneområdet. I fyrste omgang vert ca 300 trådlause detektorar med direkte samband til alarmsentralen i Florø montert i alle dei ca 160 hus og bygningar i det gamle bygningsmiljøet på Lærdalsøyri. Deretter kjem sprinkling av enkelte bygningar og bygningsmiljø i tillegg til andre tiltak dersom politikarane gjev klarsignal. Riksantikvaren og UNI-stiftinga har gitt betydelege tilskot til dette arbeidet. Dette skal gjennomførast etter avtale med huseigarane, men utan kostnad for den enkelte.»
Ver merksam på at avtalen skal returnerast seinast 21.12.2009.!
Ved spørsmål til avtalen, –
ta kontakt med Johnny Skjerping på mobil 90746103.
Avtaleteksten til brannsikring på Gamle Lærdalsøyri (via Lærdal Kommune sine nettsider)
Melding frå Sintef – Nye hus som også kan byggast innanfor verneområdet!
– trykk på den understreka teksten og kom rett til forskriftene!
Lukke til med arbeidet!
Ny bok av Claus Lindstrøm om Jan Ludolf Lund –
- frå «Vaskesetlelen» om snekkaren som tok med det bymessige til Lærdalsøyri:
Fattiggutt og frimester. Jan Ludolf Lund “ en
snekker ved laugsvesenets slutning
av Claus Lindstrøm
Bokbeskrivelse
I en del bygder i Indre og Midtre Sogn er det bevart en gruppe eldre bolighus med flere fellestrekk i utforming og detaljering, men som skiller seg klart ut fra den lokale bebyggelse, både i form og størrelse. Alle tilhører de den første halvdelen av 1800-tallet. Det har vært antatt at én og samme mester stod bak dem alle, nemlig snekkeren Jan Ludolf Lund (1809-1894), bergenser av fødsel, men med det meste av sin praksis i Sogn. Det er lite vi hittil har visst om ham, hans bakgrunn, liv og arbeid. Dette er biografien om hans liv og virke.
«For første gang i norsk bygningshistorie får vi beskrivelse av en person som har stått for utførelsen av det vi vanligvis omtaler som ‹anonym arkitektur›.»«… ikke bare et betydelig bidrag til norsk arkitekturhistorie, men også en vakker bok.»
Professor Knut E. Larsen, Institutt for byggekunst, historie og teknologi, NTNU
Claus Lindstrøm ble utdannet arkitekt fra NTH i 1957. Han har hatt egen arkitektpraksis, og har blant annet arbeidet med planlegging av nye boligområder og vern av eldre boligområder i Bergen og Sogn og Fjordane. Han har også vært involvert i restaurering og bevaring av kirker og profane bygninger, blant annet Håkonshallen i Bergen.
Lindstrøm har tidligere utgitt den kritikerroste boken Mellom øst og vest – eldre bygninger i Lærdal.
- den vart likevel ikkje for sal lokalt – ynskjer du å tinge boka:
Tapir Akademisk Forlag
Telefon: 73 59 32 08
Telefaks: 73 59 32 04
Nardov. 12, 7005 Trondheim
www.tapirforlag.no
Nedre Jølster Bilelag får fylkeskulturprisen 2009
Dyktige handverkarar får årets fylkeskulturpris –
dei har vore med og sytt for restaurering av stavkyrkjer og andre store signalbygg, men også små uthus og naust har fått nyttig hjelp frå bilelaget.
Til lukke med prisen!
Ein kjøpar har meldt si interesse for Kvammes
Porten melder om det er gjeve eit tilbod på Kvammes
Seinare har det kome melding om at tilbydar har trukke seg, så førebels ikkje sal av Kvammes.
Joar tek over Potter frå 1.november
Brannsikring av Verneområdet på Lærdalsøyri ansvar og kostnadsfordeling
Saka skal opp i Formannskapet 01.10.2009, sak nr 159/09.
www.laerdal.kommune.no – vel «Politikk» på høgremenyen, og «Formannskapet» – bla fram til siste dato eller trykk på «synkande», – då kjem rett dato fram.
Melding 1.oktober:
Var tilstades på Formannskapsmøtet, og kan gje følgande melding:
Saka vart lagt fram og vedteken – i tillegg som ekstra seint innkoma sak i går kveld, sak nr 166/09 – denne vart også vedteken ,- så no rekk kommunestyret å handsame den i dag.
(Ingen av partia har vel rukke å drøfta sak 166/09 på førehand)
Melding 2.oktober:
Set stor pris på at Møteboka frå møtet allereie er offentleggjort!
Ny utescene i Kvammegården skal opp i Formannskapet 1.oktober
Sak 162/09
Viser til www.laerdal.kommune.no – vel «Politikk» på høgremenyen og «Formannskapet» og bla fram til siste dato eller trykk på «synkande» – då kjem rett dato fram.
Melding 1.oktober: Vedteken.
Melding 2.oktober: Set stor pris på at Møteboka allereie er offentleggjort!
Vekstkonkurranse – Årets lengste solsikke – 2. og avgjerande premiering i dag
Haustmarknad 2009 – høgste målte solsikke!
GLG delte ut solsikkefrø og jiffypotter på Vårfesten 25.april.
Første premiering på vekstkonkurransen var under Lærdalsmarknaden: