Ein del av brannsikringstiltaka i verneområdet skal setjast i gang,
difor er avtalen mellom huseigarane og Lærdal kommune no sendt ut!
Vi viser til innleiinga av den utsende avtale:
«Lærdal kommune arbeider med brannsikringsplan for verneområdet. I fyrste omgang vert ca 300 trådlause detektorar med direkte samband til alarmsentralen i Florø montert i alle dei ca 160 hus og bygningar i det gamle bygningsmiljøet på Lærdalsøyri. Deretter kjem sprinkling av enkelte bygningar og bygningsmiljø i tillegg til andre tiltak dersom politikarane gjev klarsignal. Riksantikvaren og UNI-stiftinga har gitt betydelege tilskot til dette arbeidet. Dette skal gjennomførast etter avtale med huseigarane, men utan kostnad for den enkelte.»
Ver merksam på at avtalen skal returnerast seinast 21.12.2009.!
Ved spørsmål til avtalen, –
ta kontakt med Johnny Skjerping på mobil 90746103.
Avtaleteksten til brannsikring på Gamle Lærdalsøyri (via Lærdal Kommune sine nettsider)