Lærdal Brann og Redning har planlagt øving i Verneområdet tysdag 12. april kl 1830 med oppmøteplass i Kvammegården.
Kaffi/te og kaker vert servert frå 18.00 under scenetaket!
Øvinga vil være ein del av brannvernopplæringa til huseigarar og dei som bur i verneområdet. Det vil bli høve til å få prøve vasspostane i området. Det vil bli informasjon om prosjektet i verneområdet og Lærdal brann og redning vil svare på spørsmål.
Lærdal brann og redning har bedt om at vi informere eigarar og dei som bur i verneområdet om øvinga.
Spesielt ber Lærdal brann og redning om at fylgjande informasjon vert gjeven :
*Lærdal brann og redning minner om at det er huseigar sitt ansvar at det er montert private røykvarslarar i bustadhus. Sjølv om det no er montert røykdetektorar i regi av ”Brannberedskap i verneområdet” skal private røykvarslarar ikkje demonterast.
*Me vil og minne om kontroll av røykvarslar og byte av batteri. Dersom den private røykvarslaren er eldre enn 10 år bør den skiftast ut. Viser til link frå direktoratet : http://www.dsb.no/nn/Ansvarsomrader/Brannvern/Hjem-og-fritid-privat/Roykvarsler1/