Familien nr 6/2011 – 14.mars «Ved foten av breen» side 108-112

Vi gler oss over å lese artikkelen av Elise og Lars Lindberg, der GLG si verdsvevside er nemnt som nyttig nettadresse. Artikkelen viser sommaren i Sogn og Fjordane.

Vi viser gjerne vidare til fleire nettadresser med tilbodet Lærdalsøyri kan by på, –  når berre sommaren kjem.
Flickr-albumet har fått nokre fleire vinterbilde for å vise at denne vinteren har hatt nesten like mykje snø som rekordvinteren 1994.
I skrivande augneblink ventar vi på soli og lengtar til våren!

Vi minner om at  Sogn kunstsenter opnar 3.juni med same adresse som Lærdal kulturhus og  Norsk villakssenter.
I bygget på elvegranden vil mange funksjonar verte samla – Turistkontor, Gjesmesamlinga, butikk, kafe, lydstudio og kultur-& kinosal.

Sogn kunstsenter er ein del av Sogn og Fjordane kunstmuseum –
bla fram til side 17 av 21!
Astrup Fearnley Museet for Moderne kunst presenterer følgande opningsutstilling frå 3.juni: 

Norske maleri 1970-2010 – Fra Bleken til Melgaard

Lærdal kommune si side med lenkjer og kontaktinformasjon – turistinformasjon.

Elles ikkje nemnd i artikkelen matservering; – Kvammes Kafe og Pub i Øyragata 15.

Desse vinterbileta er også å finne som eit «set» under Flickr-albumet «Januar 2011″ i høgremenyen!

Legg igjen en kommentar