Budsjett 2009

Gamle Lærdalsøyri Grendalag svara på oppfordringa frå Formannskapet om å delta i budsjettarbeidet,

og har motteke førebelse svar – sjå nederst på same lenkja.

Sjå også under «Trafikk- lenkjene» nederst på høgresida «Trafikksituasjon – dekkevedtak 2006″!

Teksten frå mailen, datert 15.11: 

Me viser til kommunen sitt planarbeid knytta til verneområda og ber om at det vert sett av pengar til drenering og ferdigstilling av gatelegemet i £yragata.

Gratis linoljemåling til dei som fylgde fargeplanen, var suksessfaktoren frå 70-talet!
Sjølv med tilskotet til linoljemåling, på 60 %, er det framleis betydeleg dyrare å nytte linoljemåling enn ei ordinær veggmåling, – og vert difor ein viktig årsak til at fleire nyttar ordinære målingstypar.

Me ber om at det vert sett av midlar og lagt tilrette for rådgjevingsteneste til bebuarane i verneområdet, – til dømes ein fast dag i månaden, eller på førehand oppsette datoar.

Me imøteser det vidare arbeidet med brannsikring av Gamle Lærdalsøyri, og sette stor pris på demonstrasjonen brannvesenet hadde i oktober.
Me ser at tilskota Lærdal kommune har motteke til bruk i verneområdet og er tenelege for heile kommunen.

Me imøteser at deler av andre tilskot som Lærdal kommune har motteke, til dømes til eit berekraftig reiseliv, også medfører at det vert greitt å bu og ferdast innanfor verneområda.

Me ser fram til at ein i det vidare arbeidet med å utvikle Lærdalsøyri som marknads- og arrangementsplass, tek omsyn til at dette også er eit buområde.

Svaret i form av Notat vedk innkomne spørsmål (side 77 i budsjettframlegget) Jon E. Tamnes

Svar: Teknisk drift opplyser at det ikkje er avsett midlar på 2009-budsjettet til å gjennomføre arbeid med gatelegemet i £yragata (frå Lindstrøm Hotell til Holdeplassen).

Svar: Kultur og formidling opplyser at dei har budsjettert med kr 150.000, som vert overført til Fagrådet. Det er fagrådet som sjølv disponerer overføringa, som skal dekke rådet sine driftskostnader. Utover dette har det vore rom for å gje 60% tilskot til linoljemåling i samsvar med fargeplan, ein reduksjon frå den tidlegare ordninga med gratis linoljemåling.

I same notatet vert det også gjeve svar på Lærdal SV sine spørsmål:

Svar:Det er avsett midlar til vedteken brannsikringsplan i 2009. Utover dette er det ikkje ført opp midlar, men sjå og svar på spørsmål frå GLG. Når det gjeld utescena, så har det vore kontakt mellom Fagrådet og Teknisk drift om reparasjon av eksisterande utescene. Dette er likevel ikkje konkretisert i budsjettet for 2009.

Legg igjen en kommentar