Endringar i investeringsbudsjettet i høve brannsikringsplanen

Brannsikringsplanen vedteken 3.september
- endring i investeringsmidlane 2008.   Kommunestyre 17.april –
kjøper skjærebrennar til den nye brannbilen og omprioriterer difor i høve brannsikringsplanen og investeringsbudsjettet.
 
  Lærdal kommune Sakspapir

 
071/08 Formannskapet 08.04.2008
025/08 Kommunestyret 17.04.2008

  

Sakshandsamar: Asle Skalle Arkiv:    K2-K12 Arkivsaksnr.  05/1103 – 68

 BRANNSIKRINGSPLAN FOR VERNEOMRÅDET PÅ LÆRDALS£YRI - BRUK AV INVESTERINGSMIDLAR AVSETT I 2008.  Kort samandrag
Lærdal kommune fekk i 2007 utarbeida ”Brannsikringsplan for Verneområdet på Lærdalsøyri”, ein plan som vart vedteken av kommunestyret i møte 03.09.2007, sak 045/07.  Etter at Lærdal brannvern hausten 2007 fekk demonstrert, og sjølv prøvd, eit sløkkesystem utvikla i Sverige, kalla Cobra, vurderar ein systemet som so bra at det på mange måtar kan erstatte nokre av brannsikringstiltaka som er føreslegne i brannsikringsplanen for verneområdet. 
Rådmannen si tilråding:
Kommunestyret vedtek innkjøp av sløkkesystemet  Cobra skjærslokker, som brannsikringstiltak for verneområdet på Lærdalsøyri i 2008. Investeringa som er på ca kr. 400 000, erstattar dei tiltaka som er sett opp i brannsikringsplanen for Verneområdet på Lærdalsøyri i 2008.  
08.04.2008 Formannskapet  
FS-071/08 tilråding: 
Formannskapet sluttar seg samrøystes til tilrådinga frå rådmannen.     
 Vedlegg:
1.      Pristilbod frå HMC AS – CCS-Cobra Noreg (e-post datert 10.mars 2008).
2.      Diverse brosjyremateriell, reportasje frå demo. i Lærdal, foto. 
Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.Brannsikringsplan for verneområdet på Lærdalsøyri. 
 
Saksutgreiing
I 2007 vart det utarbeida ”Brannsikringsplan for Verneområdet på Lærdalsøyri”, datert 24.07.2007. Planen vart endeleg vedteken av kommunestyret, møte 03.09.2007, sak 045/07. I vedtaket heiter det at planen skal vere grunnlag for framtidig budsjettering. I planen er ein del sikringstiltak vurdert og omtalt, og tiltaka er kostnadsvurderte. Det er snakk om relativt store investeringar, samla minst 1,6 mill. Det må presiserast at kostnadsestimata er svært usikre for nokre av tiltaka, og ein del av tiltaka krev nærare utgreiingar. I tråd med kommunestyrevedtaket 03.09.2007 er det i kommunen sitt investeringsbudsjett for 2008 ført opp kr.400 000 til sikringstiltak i Verneområdet .Ein har vurdert at tiltaka som i planen er omtala som ”Betra tilgangen på sløkkevatn” (kr.270 000) og ”Etablering av ”minidepot” (kr.300 000) er tiltak som kan gjennomførast utan særleg førutgåande planlegging, og innafor løyvingane i 2008 hadde ein tenkt å gjennomføre deler av dei to nemnde tiltaka. I etterkant av godkjenning av planen hadde brannvernet vitjing av eit firma som demonstrerte eit sløkkesystem kalla ”Cobra skjærslokker”. Brannvernet har vore kjend med at systemet finst, men ikkje virkningen av det. I brannsikringsplanen er systemet omtala, men grunna kostnad, samt lite kunnskapar om det, valgte ein å ikkje ta dette med i tiltaksplanen.  
 
£konomiske konsekvensar
Cobra sløkkesystem kostar om lag kr.400 000. Investeringa kan om ynskjeleg fordelast på to år.
 
Vurdering
Etter å ha fått Cobra-utstyret demonstrert, og sjølve prøvd det, er brannvernet av den oppfatning at dette utstyret på ein framifrå måte kan supplere tiltaka som er lista opp i brannsikringsplanen, og i nokon grad erstatte nokre av desse tiltaka. Dette gjeld tiltaka som går på sløkkevatn og minidepot. Brannvernet si tilråding vil vere å redusere tal nye hydrantar frå 3 til 2.  Etablering av minidepot ser ein ikkje nokon stor vinst i. Dette grunngjev ein med at det i store deler av året bur relativt få personar i området, og dei som bur her er eldre, som vil ha vanskar med å gjere seg nytte av eit slikt minidepot i ein brannsituasjon. Minidepota vil heller ikkje kunne dekke all busetnad i Verneområdet. Brannvernet har elles kort utrykkingstid, og med Cobra sløkkeutstyr på bilen, vil ein vere i sløkkeinnsats så å seie med ein gong ein er framme på brannstaden, og i dei fleste høve truleg før nokon har rukke å rigge til sløkkeutstyret i minidepotet.    Ein grunn til at ein tek dette opp no, er at arbeidet med oppbygging/innreiing av den nye brannbilen snart byrjar hjå leverandøren. (Chassiset vert levert i april). Det vil då vere svært føremålstenleg å kunne integrere dette utstyret i den nye bilen.  Eit moment som er viktig å hugse, er at Cobra sløkkesystem, montert i ny brannbil, vil vere eit effektivt utstyr ikkje berre i Verneområdet, men ved alle utrykkingar i kommunen.
Ein har drøfta omprioriteringa av brannsikringstiltak i Verneområdet med Fagrådet, som var sterkt representert i gruppa som laga planen. Fagrådet har ingen særlege merknader til den føreslegne omprioriteringa, men presiserar at arbeidet med å utgreie dei andre tiltaka i brannsikringsplanen (montering av røykdetektorar, samt sprinkling), ikkje vert gløymd. Brannvernet er samd i dette, og av tiltaka som er gjort greie for i brannsikringsplanen, vurderar ein montering av detektorar som det tiltaket som vil gje størst vinst.  Det kan nemnast at fleire brannvesen, særleg i kommunar med verna busetnad, har gått til anskaffelse av systemet (Røros), og fleire er i ferd med å skaffe det. Med tilvising til ovanståande, ber brannvernet om at investeringsmidlane som er sett av i budsjettet for 2008 kan nyttast til innkjøp av Cobra sløkkesystem. Kostnaden med systemet, levert til Braco (leverandør av ny brannbil) er om lag 400 000.   

Legg igjen en kommentar