Forsøksordning med gÃ¥gate pÃ¥ Gamle Lærdalsøyri – dette var i fjor!

Stenging av £yragata vart einstemmig vedteke i Formannskapet 13.mai 2008!

-og dette skreiv Porten 

-og dette skreiv Sogn Avis  
som dessverre ikkje la artikkelen ut på nettsida si.

– og her er Formannskapsaka, før vedtaket er påført:

Saksnr: 110/08
Utval: Formannskapet
Møtedato: 13.05.2008

Sakshandsamar: Asle Skalle
Arkiv: K2-Q23
Arkivsaksnr: 08/382 – 2

Kort samandrag

Gamle Lærdalsøyri Grendalag har bedt om at gata frå Lindstrøm hotell og ned til Holdeplassen vert skilta som gågate, som ei forsøksordning sumaren 2008.

Rådmannen si tilråding:

Lærdal formannskap rår til at det som ei prøveordning sumaren 2008, i perioden 15.juni til 31.august, vert innført gågate på strekninga Lindstrøm hotell til Holdeplassen.

Ordninga med gågate skal evaluerast hausten 2008.

Vedlegg:

1.Brev datert 2.april 2008 frå Gamle Lærdalsøyri Grendalag.
2.Kart

Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.

Skiltforskrifta.

Saksutgreiing

I brev datert 2.april 2008 ber Gamle Lærdalsøyri Grendalag (GLG) at det vert sett i verk ei forsøksordning med gågate i £yragata, frå Lindstrøm hotell og vestover til Holdeplassen. GLG gjer framlegg om at denne ordninga vert gjort gjeldande for perioden mai til september, og at ordninga vert evaluert til hausten.

Det er Statens vegvesen v/Regionvegkontoret som er skiltmynde for denne type skilt, etter uttale frå lensmannen.

Området som GLG ynskjer som gågate, har fartsgrense 30 km/t. (Heile nedre del av £yri og sentrumsområdet er skilta som 30-sone).

£konomiske konsekvensar

Innkjøp av nødvendig skiltmateriell og oppsetting av skilta vil ha ein kostnad på om lag
12 000 kroner.

Vurdering

Våren / sumaren 2007 tok administrasjonen opp ei skiltsak i same området, der det vart søkt om oppsetting av skilt med forbod mot køyring med buss og lastebil. Den 26.juni 2007 gjorde vegvesenet vedtak om oppsetting av skilt 306.5 ”Forbudt for lastebil og trekkbil”. Denne skiltsaka var på høyring til lensmannen, som i sin uttale vurderte det som ei betre løysing for gatestrekninga at den vart stengt for gjennomkøyring. I ein kommentar til sitt vedtak var vegvesenet samd i lensmannen si vurdering.

Vedtaket frå vegvesenet vart formidla til Teknisk drift, men skilta kom aldri opp.

Administrasjonen har for sin del ingen merknader til at det vert innført, i fyrste omgang som ei prøveordning, gågate i dette området (skilt nr.548 / 550). Skiltet må supplerast med underskilt som tillet køyring for dei som bur i den aktuelle gatestrekningen. Det ein kan stille eit spørsmål ved, er om oppmodinga om omsøkte skilting er tufta på ei brei einigheit, og om alle partar er høyrde. Ein tenker då særleg på verksemdene i området. Ein er likevel av den oppfatning, sidan dette er å sjå på som ei prøveordning, at formannskapet kan tilrå, utan vidare høyring, at omsøkte gatestrekning vert gjort om til gågate. Ei høyring vil fort ta opp mot ein månad, noko som tyder at ein knappast får gjennomført prøveordninga dette året, dersom saka skal ut på høyring. Dersom det vert gjort eit positivt vedtak i formannskapet, og saka vert sendt til regionvegkontoret, via lensmannen for uttale, vil ein kunne ha eit svar frå vegkontoret i løpet av fyrste halvdel av juni. Deretter skal det tingast skilt, og desse har gjerne ei leveringstid på minst 14 dagar. Etter dette kan ein ha skiltinga klar i slutten av juni, i beste fall.

Informasjonen er henta frå Lærdal Kommune sine heimesider

Legg igjen en kommentar