FSK 051/09 Utbyggingsplan for Gamle Lærdalsøyri – oppstart av planarbeid

I formannskapet tysdag 17.03.2009,  vert det i sak 051/09 i høve rådmannen si tilråding, starta opp arbeidet med Utbyggingsplan for Gamle Lærdalsøyri, som skal gjelde for strekninga Lindstrøm hotell – Esso.

Planen skal i følge sakshandsamaren utarbeidast av ei arbeidsgruppe med Tettstadutviklingsgruppa og representanter frå Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri, - og det vert tilrådd at gruppa får engasjere landskapsarkitekt.

I saksutgreiinga heiter det:

«Formannskapet vedtok 03.10.09 ei prøveordning med gågate frå Lindstrøm hotel til Gamle Haldeplassen mellom kl. 17.00 – 07.00 og i helgane, sumaren 2009. Det vart då også vedteke å starte ein prosess for oppstart av utbyggingsplan for strekninga Lindstrøm-Gamle Haldeplassen. Dette fordi ein ville sjå på tiltak for å lage gatetun i Gamle Lærdalsøyri.

Reguleringsplan for verneområdet på Lærdalsøyri vart vedteke i kommunestyret 02.10.08. 
Her vart delar av verneområdet regulert til gatetun.

Formannskapet vedtok 31.10.06 oppstart av ein utbyggingsplan for strekninga Lindstrøm-Gamle Haldeplassen, men dette arbeidet vart ikkje fullførd. Nordplan utarbeida skisser som vart innarbeida i reguleringsplanen, og seinare teke ut av denne.»

Sakshandsamaren synleggjer at dei økonomiske konsekvensane av tiltaket – er kostnadane til arkitekt.

I vurderinga skriv sakshandsamaren følgande:
«Som ein oppfølging av vedtaket om prøveordning med gågate i berre delar av veka og delar av dagen, ser ein det som naudsynt å starte ein prosess for utbyggngsplan for Gamle Lærdalsøyri. I eit gatetun kan ein setje ut blomsterkasser, benkar og andre møblar for å snevre inn gata. Dette vil få bilistane til å setje ned farten, og mogeleg velja ein annan veg i staden.
Det er planlagd at prøveordninga skal evaluerast hausten 2009. Om ein då konkluderer med at permanent gågate vil vera den beste løysinga, vil det likevel vera naudsynt å sjå på ulike tiltak i gata for å gjera området attraktivt, stemningsfullt og innbydande for gåande.

Det må og sjåast på gate dekke, då dette er svært slitt og sporete.

Ein foreslår at utbyggingsplanen omfattar heile strekninga frå Lindstrøm hotell – Esso, og ikkje berre til Gamle Haldeplassen. Dette for å sjå heilheita i området, også med tanke på gatedekke.

Ein foreslår at ei arbeidsgruppe med Tettstadutviklingsruppa for Prosjekt Gamle Lærdalsøyri og representantar frå Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri får ansvaret med utarbeiding av plan. I Tettstadutviklingsgruppa er det representant frå politikarane, bebuarane og Gamle Lærdalsøyri Grendalag. Ein meiner det bør engasjerast landskapsarkitekt til utarbeiding av teikningar.

Ein utbyggingsplan må vera heimla i ein reguleringsplan, og utbyggingsplanen er her i tråd med krav om utbyggingsplan som er sett opp i Reguleringsplan for verneområdet på Lærdalsøyri.»

Her finn du lenkja til sidene til Lærdal kommune der sitata er henta frå : 

Legg igjen en kommentar