Haust

No er sumaren ikkje langt frå over, og det blir stadig færre turister i gatene. Me avsluttar august med nokre kveldsbilete frå Gamleøyri.

I anledning hans 100års-jubileum tek me også med kva Olav H. Hauge hadde synt av vårt fagre Vestland dersom han hadde fått besøk av favorittkinesaren, poeten Tào Chìen.

Tào Chìen

Kjem Tào Chìen
på vitjing ein dag, vil eg
syna han kissebærtrei og aplane mine,
eg vil helst han skal koma um våren
når dei stend i blom. Etterpå skal me sitja i skuggen
med eit glas sider, kanskje kan eg syna han
eit dikt – um eg finn eitt han likar.

- Olav H. Hauge

Legg igjen en kommentar