Referat frå brannvernsorienteringa til Johnny Skjerping

Det er særs viktig at det er brannmeldarar i alle bygningar. Tidleg varsling direkte til alarmsentralen gjev tryggheit for at bygningar kan reddast om det startar å brenne innanfor Verneområdet.
Ei melding til alle med feriehus – neste gong de er i Lærdal,
ta kontakt med Johnny Skjerping for å få opplæring og drøfting av tilgjenge til bygningane…

Brannmeldarar er no med få unntak, montert i alle bygningar innanfor Verneområdet.
Unntaka er enkelte dukkehus og nokre få eigarar som ikkje har svart på forespurnad.
Det er ca 100 eigarar av dei vel 170 bygningane i Verneområdet.

Tradisjonelt brannvern legg først og fremst vinn på å redde liv, deretter verdiar og miljø. Desse brannmeldarane, er montert med tanke på å redde bygningane.

Brannanlegget er finansiert med stønad frå Uni-stiftelsen, Riksantikvaren og kommunen. I år er det sett av 4,25 millionar, av dette ca 2 millionar til meldarane.  
 

Dei trådlause brannmeldarane vert montert og drifta utan kostnad for eigarane.
Ikkje demonter dei brannvarslarane som de har hatt i bygningane tidlegare.
Ha brannsløkkingsutstyr i nærleiken av brannmeldaren ved utgangsdøra.
 

Bygningar som Telegrafen, Lindstrøm og Kvammes har ein kombinasjon av nye og tidlegare brannmeldingsanlegg, men alt er kobla opp mot det nye trådlause anlegget.
Sanden Pensjonat har under oppussinga montert detektorar på alle rom og i alle bygningar, her er det også ei eigen tavle som viser kva detektor som har slått ut.
Private bedrifter som Fretland og Sanden får dekka normalt antal detektorar og dekkjer resten av utgiftene sjølve.
 

Fullsprinkling vert drøfta på Kvammes, freda bygningar og Løyntnantsbrygga.
Elles vert det lagt opp til ei øving og opplæring av brannmannskap pr år.

Ei lokal forskrift kan laga alle bygningane til §13objekt, noko som gjev brannvesenet tilgjenge til alle bygningane i Verneområdet, om det vert naudsynt.
 

I tilltaksplanen i år : 2 vannpostar, den første vert montert til Lærdalsmarknaden ved inngangen til Kvammegården på hjørnet ved Kulturbanken. Den neste vannposten vert i hjørnet mot Hilda i Podlhuset / Husum-uthuset, i Bondehagsvegen. Seinare mellom eigedomane til Henriksen og Osland, £yragata 22/24, og to i Gjerde ved Hunshammer og Windedal. Vannpostane vil ha ein 50 meter slange.

Desse vannpostane vil vere til fri offentleg bruk om nokon vil vaske bilen eller huset.
Dei vil fungere som ein hydrant og tømer seg for vatn etter at det er stengt av.
 

No startar brannvesenet med å teste alle detektorar og tavler, det er mogeleg å stille følsomheita på brannmeldarane.
 

Alle bygningane er delt opp i nabogrupper, slår detektoren ut i bygningen din er det ein eigen lyd, medan naboane dine vil få ein annan lyd frå sin brannmeldarar.
Batteriet i brannmeldaren varer i 5-8 år, brannvesenet får melding om når batteriet skal skiftast, tildømes 1-3 månadar i førevegen.
Det er mogeleg for private eigarar å kjøpe og montere fleire brannmeldarar om det er ynskjeleg.
 

Johnny Skjerping seier at brannvesenet bør ha nøkkel til alle bygningane, plassert i sikra nøkkelboksar.
 
Det kan vere aktuelt med meir informasjon i høve Lærdalsmarknaden 18-20.juni dersom det er mange eigarar av feriehus som er her då.
Ta difor kontakt med Jonny Skjerping no og gje melding om når de er i Lærdal.
Telefon via servicesentralen Lærdal kommune 57641200
eller epost johnny.skjerping@laerdal.kommune.no
 
 

GLG takkar Johnny Skjerping for orienteringa som vart halde på årsmøtet i Bedehuset 14.mai.

Legg igjen en kommentar