Eplemøya Songlag underheldt på utescena i Kvammegården søndagskvelden.
Ein vellåtande jentetrio sang a capella – om jenter og sauer – ispedd gode og morosame forklaringar av tekstene her er to av songane deira som er lagt ut på myspace –
ei av jentene i trioen er Liv Ulvik, i denne samanhengen,ei jente frå nærområdet!
Liv Ulvik til venstre , Anja Eline Skybakmoen og Wenche Losnegård.
Elles er det underhaldning kvar onsdagskveld frå 18-19 frå scena – og elles fælg oppslag på iallefall Coop&Kiwi!
Jerikobui er open kvar laurdag 11-15 i Eldhuset.
FREDAG 23. JULI KLOKKA 17.00 VERT DET GRATISKONSERT MED SMAKEBITAR FRÅ DET FELLES NORSK-PALESTINSKE PROGRAMMET TIL 10.000-ÅRSFEIRINGA I JERIKO.