Vekstkonkurranse – Årets lengste solsikke – 2. og avgjerande premiering i dag

Haustmarknad 2009 – høgste målte solsikke!

GLG delte ut solsikkefrø og jiffypotter på Vårfesten 25.april.
Første premiering på vekstkonkurransen var under Lærdalsmarknaden:

Anna Brugrand hadde den høgaste solsikka på 75 cm 20. juni og mottok eit gåvekort frå Sentrum kafe !

Mange har meldt om uttørka og nedblesne solsikker,  andre har greitt å vere føre var, og sørga for støtte og bunde dei fast og vatna vekstene sine vel!

Årets høgste innmelde til Haustmarknaden vart målt til :

1. Synnøve Askeland (365 cm) vann gåvekort frå Lite nytt og Blomsterbui.

2. Rannveig Skårheim Ljostveit (350 cm) vann gåvekort frå Lærdalsøyri Brukt & Antikk og Blomsterbui.

3. Annie Lysne (335 cm) vann gåvekort frå Ellen’s Antikk.

4. Gerd Skalle (270 cm) vann gåvekort frå Blomsterbui.

5. Magnhild Aspevik (250 cm) vann gåvekort frå Blomsterbui.

Under Vårfesten hadde også GLG ei kulturminneløype med oppgåver – vinnar vart Anne Kari Hagen som vann ein stor Pizza frå Potter’s.

Under Lærdalsmarknaden leia Gunn Hauge kulturminnequizen, med spørsmål frå eit relativt breitt spekter innan emnet kulturminne.

Laget som gjekk av med sigeren og vart premierte med buffet for 4 på Laksen var Leif Hauge, Eli Vindedal, Siv Blikra og Hadle Blikra.

Vi gratulerer og takkar for innsatsen!

Legg igjen en kommentar