Kategoriarkiv: Nyheit

Alle generelle nyheiter på sida.

Brannkonsulentar på synfaring i verneområdet

sos-brannconsult2.jpg

Atle Magne Strandos og Torfinn Slåtto frå SOS brannconsult var på synfaring i verneområdet, fredag 27.mars.
Dei er innleigde for å gi ei brannteknisk vurdering av verneområdet. Avstanden mellom fleire av bygga vart kontrollmålte,  dei var innom fleire bygningar for å vurdere behov for antall brannmeldarar og sjekka tilkomst til ulike bygningar.

FSK 051/09 Utbyggingsplan for Gamle Lærdalsøyri – oppstart av planarbeid

I formannskapet tysdag 17.03.2009,  vert det i sak 051/09 i høve rådmannen si tilråding, starta opp arbeidet med Utbyggingsplan for Gamle Lærdalsøyri, som skal gjelde for strekninga Lindstrøm hotell – Esso.

Planen skal i følge sakshandsamaren utarbeidast av ei arbeidsgruppe med Tettstadutviklingsgruppa og representanter frå Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri, - og det vert tilrådd at gruppa får engasjere landskapsarkitekt.

I saksutgreiinga heiter det:

«Formannskapet vedtok 03.10.09 ei prøveordning med gågate frå Lindstrøm hotel til Gamle Haldeplassen mellom kl. 17.00 – 07.00 og i helgane, sumaren 2009. Det vart då også vedteke å starte ein prosess for oppstart av utbyggingsplan for strekninga Lindstrøm-Gamle Haldeplassen. Dette fordi ein ville sjå på tiltak for å lage gatetun i Gamle Lærdalsøyri.

Reguleringsplan for verneområdet på Lærdalsøyri vart vedteke i kommunestyret 02.10.08. 
Her vart delar av verneområdet regulert til gatetun.

Formannskapet vedtok 31.10.06 oppstart av ein utbyggingsplan for strekninga Lindstrøm-Gamle Haldeplassen, men dette arbeidet vart ikkje fullførd. Nordplan utarbeida skisser som vart innarbeida i reguleringsplanen, og seinare teke ut av denne.»

Sakshandsamaren synleggjer at dei økonomiske konsekvensane av tiltaket – er kostnadane til arkitekt.

I vurderinga skriv sakshandsamaren følgande:
«Som ein oppfølging av vedtaket om prøveordning med gågate i berre delar av veka og delar av dagen, ser ein det som naudsynt å starte ein prosess for utbyggngsplan for Gamle Lærdalsøyri. I eit gatetun kan ein setje ut blomsterkasser, benkar og andre møblar for å snevre inn gata. Dette vil få bilistane til å setje ned farten, og mogeleg velja ein annan veg i staden.
Det er planlagd at prøveordninga skal evaluerast hausten 2009. Om ein då konkluderer med at permanent gågate vil vera den beste løysinga, vil det likevel vera naudsynt å sjå på ulike tiltak i gata for å gjera området attraktivt, stemningsfullt og innbydande for gåande.

Det må og sjåast på gate dekke, då dette er svært slitt og sporete.

Ein foreslår at utbyggingsplanen omfattar heile strekninga frå Lindstrøm hotell – Esso, og ikkje berre til Gamle Haldeplassen. Dette for å sjå heilheita i området, også med tanke på gatedekke.

Ein foreslår at ei arbeidsgruppe med Tettstadutviklingsruppa for Prosjekt Gamle Lærdalsøyri og representantar frå Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri får ansvaret med utarbeiding av plan. I Tettstadutviklingsgruppa er det representant frå politikarane, bebuarane og Gamle Lærdalsøyri Grendalag. Ein meiner det bør engasjerast landskapsarkitekt til utarbeiding av teikningar.

Ein utbyggingsplan må vera heimla i ein reguleringsplan, og utbyggingsplanen er her i tråd med krav om utbyggingsplan som er sett opp i Reguleringsplan for verneområdet på Lærdalsøyri.»

Her finn du lenkja til sidene til Lærdal kommune der sitata er henta frå : 

Galdestølen er eit viktig kulturminne – i kulturminneÃ¥ret 2009!

Formannskapet ved ordførar Arne Sanden, varaordførar Lars Petter Nesse, Geir Berge £verland og Olaug Skjerdal
mot Trond Einemo si stemme; –

vedtok i føremiddag å følge rådmannen si tilråding i sak 024/09.

Husa vert difor spylt kvar einaste dag det er vatn i hjulspora,
i eitt år til!

– og kulturminneløypa i £yragata utviklar seg vidare! –

Takk til dykk!

http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/111850

GÃ¥gate Gamle Lærdalsøyri – pÃ¥’an igjen!

Vi ber alle om å lese saka 024/09 som skal opp i Formannskapet tirsdag 3.februar 2009,
dette er sida der sakene er lagde ut -
trykk her og vel rett dato!trykk her og vel rett dato!

Erfaringane frå sist sommar vart drøfta i eit møte 9.12.2008.
Vi ber dykk lese notatet frå møtet der desse møtte:

ordførar Arne Sanden, rådmann Lasse Sælthun, arealplanleggjar Monika Lysne, kulturvernkonsulent Kåre Hovland, byggesakshandsamar Asle Skalle, Per Thomas Klingenberg (politiet), Bjarne Nedrehegg og Inge Sæbø (Fretland Bygg), reiselivskonsulent Trine Grøttebø (Aurland og Lærdal reiselivslag), Ove Ingvar Feidje (Gamle Lærdalsøyri Grendalag), Helene Maristuen (Næringssamskipnaden)

Kva er den felles forståinga frå dette møtet?
Sjå side 51-52 i formannskapsdokumenta.

(Dessverre er dokumenta lagde ut slik at det ikkje tillet «klipp og lim»Â som tidlegare. Det som er i kursiv er skrive rett av frå saksdokumenta. ) 

I mellomtida har det vore eitt møte 9.1.2009 –
der desse møtte: ordførar, rådmann, arealplanleggar og to representantar frå Fretland Bygg.

Kva er den felles forståinga frå dette møtet?
Fretland bygg si tilbakemelding etter møtet 9.1, side 56-57.

Sakshandsamaren oppsummerer i «Kort samandrag«:

«Det har vore ei prøveordning med gågate på Gamle Lærdalsøyri sommaren 2008. Denne ordninga er no evaluert, og det er semje om å prøve ein ny ordning sommaren 2009, for så å evaluere og finne ut kva som fungerer best

Den semja det er vist til her, er mellom ordførar og Fretland bygg.

Rådmannen si tilråding i Formannskapssak 024/09:
«Lærdal formannskap vedtek at det i sommarsesongen (mai-september) vert innførd ei prøveordning med gågate på strekninga Lindstrøm hotell til Gamle Haldeplass frå kl. 17.00 -07.00, og permanent stenging for tungtransport (buss, lastebil, trekkbil). Det må setjast i gang ein skiltprosess snarast, og prøveordning skal evaluerast hausten 2009.

Det skal setjast i gang ein prosess for oppstart av utbyggingsplan for strekninga Lindstrøm-Gamle Haldeplassen.»

Og dei økonomiske konsekvensane med tiltaket er utrekna til kr 12.000 til skilt!

Vurdering gjeven i Formannskapssak 024/09:
«Det er ingen tvil om at forsøksordninga med gågate i sommar har fungert bra, og at dei fleste er svært nøgde med ordninga. Gågata gjer at folk nyttar meir tid til å rusle og sjå i butikkane, det vert tryggare for mjuke trafikantar og gågata lagar betre stemning nede i Gamle Lærdalsøyri. Det er og positivt for bebuarane i området, som slepp trafikken tett inntil husa, både med tanke på trivsel og slitasje på bygningane.

Fretland Bygg meiner nedgang i omsetnaden skuldast gågateordninga, og dette må takast på alvor. Byggeriet er ein stor og viktig butikk på Lærdalsøyri. På møtet med Fretland Bygg vart det semje om at ein kunne prøve ei ny ordning i sommar, som går ut på å stengje gata permanent for tungtransport (bussar, lastebilar og trekkbilar). Bilar kan køyre mellom kl.07.00 og 17.00, då Byggeriet har ope, men at det er forbode også for bilar etter kl.17.00.

Ein meiner denne ordninga vil krevje også andre tiltak i gata. Det er ikkje lett å få bilistane til å respektere ordningar som ikkje er permanente. Det vil difor vere naudsynt å starte prosessen med ein utbyggingsplan i området, der ein kan sjå på tiltak for å lage gatetun i Gamle Lærdalsøyri, slik det er regulert til i Reguleringsplan for verneområdet. I eit gatetun kan ein setje ut blomsterkasser, benkar og andre møblar for å snevre inn gata. Dette vil få bilistane til å setje ned farten, og mogleg velja ein annan veg i staden. Det må og sjåast på gate dekke, då dette er svært slitt og sporete.

Ein meiner prøveordninga bør vara i sommarsesongen (mai-september). Etter sesongen bør ein evaluere begge prøveordningane, og sjå kva som fungerer best. Ein vil då om mogeleg sjå om gågateordninga er ein direkte årsak til nedgang i omsetnaden til Byggeriet. Under evalueringa må ein og ta med i vurderinga om det og kan vere andre årsaker til nedgang i omsetnaden som auka konkurranse, auka marknadsføring frå andre bedrifter, laurdagsstengd, renteauke osv.»