Brannøving i Verneområdet – Kvammegården 12.april 18.30

Lærdal Brann og Redning har planlagt øving i Verneområdet tysdag 12. april kl 1830 med oppmøteplass i Kvammegården.

Kaffi/te og kaker vert servert frå 18.00 under scenetaket!

Øvinga vil være ein del av brannvernopplæringa til huseigarar og dei som bur  i verneområdet. Det vil bli høve til å få prøve vasspostane i området. Det vil  bli  informasjon om prosjektet i verneområdet og Lærdal brann og redning vil svare på spørsmål.

Lærdal brann og redning har bedt om at vi informere eigarar og dei som bur i verneområdet om øvinga.

Spesielt ber Lærdal brann og redning om at fylgjande informasjon  vert gjeven :

*Lærdal brann og redning minner om at det er huseigar sitt ansvar at det er  montert  private røykvarslarar  i  bustadhus.  Sjølv om det no er montert røykdetektorar i regi av ”Brannberedskap i verneområdet”  skal private røykvarslarar ikkje demonterast.
*Me vil og minne om kontroll av  røykvarslar og byte av batteri.  Dersom den private røykvarslaren er eldre enn 10 år bør den skiftast ut. Viser til link  frå direktoratet  :  http://www.dsb.no/nn/Ansvarsomrader/Brannvern/Hjem-og-fritid-privat/Roykvarsler1/

Legg igjen en kommentar