Brev til Formannskapet

TRAFIKKSITUASJONEN PÅ GAMLE LÆRDALS£YRI

Vi minner om møtet Formannskapet/Styringsgruppa hadde med styret i GLG i april 2005, der bad de om å få dei omtala «strakstiltaka» i skriftleg form, sendt direkte til Formannskapet for raskare handsaming.

Etter den tid har andre kome med løysinga «Gatetun», som kun krev skilt i ytterkantane av området.

Det har stendig vorte vist til nytt planarbeid. Medan vi ventar på utarbeidinga av dette og utføring av tiltak i høve til planane, ynskjer vi å minne om at alle desse tiltaka er relativt rimelege, dei er reversible og enkle å få utført.

TRE PROBLEMOMRÅDE

  1. Høg fart frå aust.
  2. Vegen er for brei for at 30-soneskiltet som står ved gamle brannstasjonen, er gyldig åleine. Manglande 30-soneskilt er innkjøpt og levert som gåve frå Gamle Lærdalsøyri Grendalag. Dersom planarbeidet endar opp med å flytte sona heilt fram til riksvegen, kan skiltet flyttast dit.

  3. Gang- og sykkelvegen mot Rådhusparken, vegen er skilta med forbud for motorvogn.
  4. Grunna omlegging i trafikkmønsteret, inkludert sperring av direkte tilkomst til pumpehuset, vert vegen i aukande grad nytta, også til varelevering og privat køyring.

    Syklistar gjennom Kvammegården, ventar heller ikkje å treffe motorkøyretøy i høg fart frå venstre, i det dei svingar ut i denne vegen. Dette er også eit område der born leikar. Her har det allereie skjedd mange nesten-ulykker.

    Vi forventar at det snarast vert vist vilje til å gjere noko med dette.

  5. Området frå Lindstrøm Hotel til Esso.

 

Vi set pris på planane om dekkefornying og imøteser gjennomføring av dette.     

Vi har tidlegare påpeikt at planarbeidet som er på gang frå Lindstrøm Hotel til Lindstrømbui, burde ha inkludert heile området.

Det kan sjå ut som om Lærdal kommune til dømes ynskjer å planlegge «private hagar» i £yragata, men ikkje ynskjer å planlegge bruk av parkeringsareal og andre trafikale problem i høve Kulturbanken, Turistkontoret, Kvammegården og næringsverksemder i området, samt gjennomgangstrafikken.

Gamle Lærdalsøyri Grendalag har avsett midlar som skal gå til tiltak i området.

Vi kan gjerne skaffe blomsterkassar, om de gjev oss løyve til å sette dei opp, medan vi ventar på at planarbeidet vert ferdig og andre trafikkregulerande tiltak vert iverksett.

  

 

 

 

 

       

  

  

  

  

  

  

  

Legg igjen en kommentar