Gjeninnfør viktig vernetiltak – no!

Årsmøtet i Gamle Lærdalsøyri grendalag er svært skuffa over at Lærdal kommune har valt å ikkje vidareføre den innarbeidde praksisen med gratis husmåling i verneområda. Denne ordninga har vore eit vellukka tiltak i vernearbeidet gjennom fleire tiår! Etter eitt år opphald i samband med innføring av ny forvaltningsordning, vart det i fjor innført ei ordning med 60 % refusjon ved kjøp av linoljemåling. Den auka kostnaden for huseigarane i verneområda har gjort at mange fleire enn før har valt andre (og rimelegare) målingstypar.
Årsmøtet i Gamle Lærdalsøyri grendalag ber Lærdal kommune om å gjeninnføre praksisen med gratis husmåling innan dei regulerte bevaringsområda, før neste søknadsrunde.
Einstemmig vedteke på årsmøtet i Gamle Lærdalsøyri Grendalag 17.02.2007

Legg igjen en kommentar