Skiltgåve til Lærdal kommune

Gamle Lærdalsøyri Grendalag har kjøpt eit 30-sone-skilt til Lærdal kommune.
Grendalaget ber om at skiltet vert plassert ved den gamle brannstasjonen i Lærdal, sidan det eine skiltet som har stått der i mange år, ikkje er gyldig etter Vegtrafikklova.

Med overrekkinga ynskjer vi å få fokus på at dette er eit område med dårleg trafikksikkerheit for alle i området, spesielt born, eldre og turistar.

I desse dager er det to år sidan Gamle Lærdalsøyri Grendalag (GLG) vart stifta. Våren 2005 skisserte GLG nokre strakstiltak som skulle føre til eit tryggare miljø for bebuarar og turistar. Blomsterkasser og innføring av gatetun for å hindre høg fart er nokre av tiltaka som har vore føreslegne. Handsaming av strakstiltaka har blitt utsett i to år på grunn av stadig nytt og spanande planarbeid.
Medan grendalaget ventar på fullføringa av planarbeidet, gjev me kommunen eit skilt slik at innfartsåra til området er gyldig skilta. Gyldig skilting gjer óg til at det vert lovleg med fartskontrollar i området.

Legg igjen en kommentar