Hus og mat på gamle Lærdalsøyri

Hus og mat på gamle Lærdalsøyri
Vi har 160 bygningar i 2 verneområde på gamle Lærdalsøyri, – bustadar, arbeidsplassar, feriehus og uthus  og samstundes turistattraksjon.
Gamle Lærdalsøyri Grendalag og Lærdal Turistkontor bad torsdag 16. August inn til ”Ei kveldstund med Ragnhild Sælthun Fjørtoft, Else ’Sprossa’ Rønnevig og Maija Raatevara.”

omvisning_hallvard_trohaug_16-08-2007.JPG

 

Tanna Gjeraker frå turistkontoret helsa velkomen til den offisielle opninga av MP3-guidinga på gamle Lærdalsøyri. Lindstrømungane, som sjølve er med og bidreg med stemmene sine på det nye guidetilbodet, overrekte blomar til Ragnhild Sælthun Fjørtoft som ER den norske stemma.
No er det berre å ta turen innom Lærdal Turistkontor for å låne ein MP3-spelar og la Ragnhild si røyst guide deg rundt på gamle Lærdalsøyri.

Arkitekt og kunsthistorikar Hallvard Trohaug leia deretter ein liten rusletur, der han peika på nokre av dei særeigne og tidstypiske bygningane i verneområdet.

I Rettssalen i 2.høgda på Kulturbanken var Else ’Sprossa’ Rønnevig klar med lysbileteføredraga “Gamle hus, muligheter, vern og bruk” og ”Den gamle bakaromnen og mat frå den”. Etter at påmeldingane strøymde på siste døgeret, flytta vi arrangementet til Kulturbanken, i røynda var nok også Rettssalen for liten. Else Rønnevig delte villig vekk sine erfaringar og opplevingar frå meir enn 25 år med mange og ulike restaurerings- og rehabiliteringsprosjekt.  Føredraga hennar er også meint å vere til inspirasjon og glede for alle som ynskjer å ta vare på husa sine. Ho synleggjorde særs godt kva som kan vere reddbart! Else Rønnevig poengterte også å ta vare på husa sin eigenart, uansett om husa er frå 1840 og 1950. Mellom føredraga hadde vi ei matøkt med saltmat og søtmat laga av Maija i Gamlebakeriet.

Til dette første arrangementet vart det sendt ut invitasjonar til alle innanfor verneområda, politikarar og kommunale sakshandsamarar, ulike firma,  institusjonar og organisasjonar som vi trudde kunne ha interesse av ein slik møteplass.
 Vi håpar dette vart det første av fleire arrangement knytta til ulike tema som ”Vern gjennom bruk” og ”Trivest vi – trivest turistane».

Legg igjen en kommentar