Brannsikringsplanen einstemmig vedteken – med tillegg.

Brannsikringsplanen vart samrøystes veldteken – no er ordlyden til vedtaket også med!More...

Lærdal kommune
Sakspapir

   
Saksnr
Utval

Møtedato

110/07

Formannskapet

21.08.2007

045/07

Kommunestyret

03.09.2007

Sakshandsamar: Asle Skalle
Arkiv:    K2-K12
Arkivsaksnr.  05/1103 – 58

BRANNSIKRINGSPLAN FOR VERNEOMRÅDET PÅ  LÆRDALS£YRI.
Kort samandrag
Gjennom diverse vedtak i formannskap og kommunestyre er ”Forvaltningsplan for Gamle Lærdalsøyri” komen i stand, og det er oppretta eit Fagråd som skal vere eit rådgjevande organ i byggesaker i Verneområdet. Fagrådet har teke initiativ til at det vert utarbeida ein Brannsikringsplan, og formannskapet har sett ned ei fagleg arbeidsgruppe som har fått i oppdrag å lage ein grovplan for gjennomføring av brannsikringstiltak i verneområdet på Gamle Lærdalsøyri.

Rådmannen si tilråding:
Kommunestyret vedtek framlegget til ”Brannsikringsplan for verneområdet på Lærdalsøyri”, datert 24.07.2007, som Lærdal kommune sin plan for oppgradering av branntryggleiken i den verna trehusbusetnaden på £yri.

Brannvernet, i samarbeid med Fagrådet for Gamle Lærdalsøyri, får i oppdrag å greie ut tiltaket ”Montering av røykdetektorar”, med sikte på å finne gode løysingar, samt kva kostnader det er tale om.

Planen skal være grunnlag for framtidig budsjettering.

21.08.2007 Formannskapet
FS-110/07 tilråding:
Formannskapet sluttar seg samrøystes til tilrådinga frå rådmannen.

03.09.2007 Kommunestyret
FRAMLEGG FRÅ GEIR £VERLAND:
Tilrådinga frå formannskapet vert vedteken med følgjande tillegg: Utvendig sprinkleranlegg for bygningsmassen på Gamle Lærdalsøyri må utgreiast.

KS-045/07 Vedtak:
Framlegget frå Geir £verland vart samrøystes vedteke.

Vedlegg:
1.      Brannsikringsplan for verneområdet på Lærdalsøyri, dokumentdato 24.juli 2007.

Aktuelle lover, forskrifter, avtalar m.m.
Brann- og eksplosjonsvernlova, Forskrift om brannforebyggande tiltak, Forvaltningsplan for Gamle Lærdalsøyri, m.m.

Saksutgreiing
Lærdal kommunestyre vedtok den 27.10.2005 ”Forvaltningsplan for Gamle Lærdalsøyri”. Som eit ledd i ny forvaltningsplan vart det oppretta eit Fagråd for Gamle Lærdalsøyri, som skal vere eit uavhengig, rådgjevande organ i samband med byggesaker. Det heiter i Forvaltningsplanen at Fagrådet, i samarbeid med Lærdal kommune, skal ta initiativ til at det vert oppretta ei arbeidsgruppe som skal arbeida med gjennomføring av brannsikringstiltak i verneområdet.

Formannskapet vedtok i møte 31.10.2006 at det skal utarbeidast eit forprosjekt for brannsikring av verneområdet.

I formannskapsmøte 28.11.2006, sak 173/06, vart det oppnemnd ei fagleg arbeidsgruppe samansett av 2 medlemer frå Fagrådet, ein frå brannvernet og ein frå plan- og byggesaksavdelingen. Arbeidsgruppa fekk slikt mandat:

Gruppa skal arbeida ut ein grovplan for gjennomføring av brannsikringstiltak i verneområdet på Gamle Lærdalsøyri.
£konomiske konsekvensar
I investeringsbudsjettet er det sett av kr. 100 000 til forprosjektet/planen i inneverande år.

Framtidige tiltak, slike som føreslegne i planen, vil krevje årlege investeringar på om lag

kr.300 000 dei neste 4-5 åra.

Vurdering
Som nemnt i planen, tek ikkje den stilling til om alle tiltaka skal gjennomførast, men tiltaka vil kvar for seg ha ein tydnad for brannsikkerheiten og mulegheitene for ein meir effektiv brannbekjempelse. Dei fleste brannar har sitt opphav i menneskeleg aktivitet, og det tiltaket som ein truleg vil ha størst kost-/nytteeffekt av, er brannførebyggande arbeid blant dei som bur og verkar i Verneområdet. I tillegg til at ein i planen har sett fokus på dette arbeidet, har ein også  peika ut to-tre tiltak som ein meiner bør ha prioritet. Dette gjeld tilrettelegging for meir sløkkevatn inne i Verneområdet gjennom etablering av fleire hydrantar, samt oppretting av nokre minidepot på nærare fastsette stader. Ein viss styrking av brannvernet sitt utstyr, i forhold til  brannbekjempelse i tett trehusbusetnad, bør og prioriterast i denne omgang.

Ein har valt å ikkje prioritere montering av røykdetektorar i husa no, sjølv om dette kanskje er det tekniske tiltaket som vil ha størst effekt. Tiltaket krev ei vidare utgreiing, og ein gjer framlegg om at brannvernet, i samarbeid med Fagrådet, får i oppdrag å arbeide med denne utgreiinga, med tanke på å finne ei optimal løysing, samt kva kostnader det er tale om, både investeringskostnader og driftskostnader. I budsjettsamanheng bør det settast av midlar til ei slik utgreiing, då det er naudsynt med noko konsulentbistand.

I planen har ein peika på det vidare arbeidet. Det er viktig at ein no får på plass løyvingar til dei tiltaka som i planen vert prioritert. Dette vil krevje ei viss styrking av brannvernet sitt driftsbudsjett for å drive eit utvida brannførebyggande arbeid i Verneområdet. Vidare må det i økonomiplan settast av midlar til årlege investeringar for å få gjennomført dei tiltaka som Arbeidsgruppa meinar bør ha prioritet.

Kostnadene som kjem fram i oppsettet over tekniske brannsikringstiltak må sjåast på som usikre. Dei ulike tiltaka vil, som det går fram av ovanståande, verte gjennomførte over fleire år, og det vil vere tale om årlege investeringar på rundt kr. 300 000. Då det er høgst usikkert kor mykje av desse investeringane ein kan få tilskot til frå andre (Fylkeskommunen, Riksantikvaren, Stiftinga UNI, huseigarane i verneområdet), vil ein føreslå at det dei næraste 4-5 åra vert sett av 300 000 i økonomiplanen.>

Legg igjen en kommentar