Kommentarar til Reguleringsplan

Sogn og Fjordane Fylkeskommune sine vurderingar, datert 09.01.2008,  til reguleringsplan for Lærdalsøyri, – 2.gongs utlysing. 

 Fylkeskommunen går til motsegn 

GLG sende desse kommentarar til den nye Reguleringsplanen
for verneområdet på Lærdalsøyri

Kommentarar til føresegner, Reguleringsplan, Verneområdet på Lærdalsøyri
§1 Generelt

1.3 Reguleringsføremål
Det er ikkje regulert område for parkering med unntak av det som er definert som garasjeanlegg/park på Gamle Haldeplass.
Manglande offentlege parkeringsplassar vil verte eit problem for bebuarar, næringsverksemder og tilreisande.

1.4 Fagrådet på Lærdalsøyri
Kva med rådgjeving til bebuarane?
Her er det kanskje naturleg å ta med den noko breiare beskrivinga av mandatet til Fagrådet, som ein finn i Forvaltingsplanen?                   

§2 Felles vedtekter
2.2 Belysning
Informasjon og rettleiing om detaljering kan ein få ved å ta kontakt med Lærdal kommune.

2.3 Skilting
Informasjon og rettleiing om detaljering kan ein få ved å ta kontakt med Lærdal kommune.

2.4 Gjerde og hekkar
Informasjon og rettleiing om detaljar kan ein få ved å ta kontakt med Lærdal kommune.
I desse punkta og fleire seinare ,- hadde kanskje vore naturleg med kva etat ein skal vende seg til, alternativt vise til Servicesentralen.

2.4 Gjerde og hekkar
Kommunen kan krevje at gjerde og hekkar mot offentleg veg vert plassert i tilstrekkeleg avstand frå vegkant til at dei ikkje hindrar snørydding, -  med dei mengdene med snø ein har i Lærdal er det kanskje like viktig med ei meir generell formulering, om det skulle vere andre grunnar til tilstrekkeleg avstand.
Skal vi forstå det slik at det er kun mot offentlege gatetun at oppsetjing av gjerde og hekkar skal meldast?

2.5 Vegetasjon
Kanskje dette punktet bør vekk, eller innarbeidast i punkt 2.6 Utemiljø.
Alternativt omformulere den siste delen som omhandlar tre som er til risiko og skade for bygningar, dersom det ikkje er dekka av anna lovverk.

2.6 Utemiljø
Det er viktig at ein snart kjem i gang med dekkelegginga.
Å kreve illustrasjonsplanar for private hagar og utemiljø vert særs omfattande i eit  bevaringsområde.  Dette er ikkje eit freda område.
Slik vi oppfattar det, vil ei underjordisk garasjeløysing verte for dyr og vil difor heller ikkje vere gjennomførbar. Det synest naturleg at ein finn fram til planar som kan gjennomførast.
Gjennom å endre trafikkmønsteret over Gamle Haldeplass vil ein kunne sikre låg fart på trafikken.
Slik omlegginga er skissert, vil endå fleire av heilårsbustadene verte utsette for trafikkbelastning svært nær husveggen.
Vi ser særs positivt på at det kan kome nye planløysingar på ulike område innanfor verneområdet.
Løysingar for Gamle Haldeplass og Kvammegården utan å drøfte/alternativt kjenne til storleiken av Lærdalsmarknaden og Haustmarknaden, verkar lite tenleg i eit planarbeid som dette.
Meir optimale løysingar kan finnast om næringsverksemder og brukarar av området vert kontakta.

2.9 Byggemelding/byggjesøknad
Legg ein her opp til noko anna enn det som står i forvaltningsplanen. Kven har den utadretta rolla mot bebuarar og eigarar – den rådgjevande rolla?

2.10 Krav om utbyggingsplan
Her er ”bygningssjefen” nytta som tittel , er det ein spesiell grunn til det, eller kunne det her stått Lærdal kommune ved teknisk forvaltning?
I forvaltningsplanen under punkta 2.6 og 3.4 vert det sagt at handverkaren i Fagrådet skal vere rådgjevar i saker knytta til tiltaksgruppe C  – i reguleringsplanen er det vist til at ein skal få rettleiing ved å ta kontakt med kommunen. Utan tilvising til kven.  Sidan det ikkje er nokon med bygningsvernkompetanse i Lærdal kommune, er det kanskje naturleg at fagrådet har denne rolla.

§4 Offentleg trafikkområde
Vert all offentleg parkering fjerna, og eit forbod mot gateparkering innført, vil det føre til særs uheldige konsekvensar for næringslivet og bebuarar.
Fleire eigendomar har ikkje plass til parkering på eiga tomt.
Vi har tidlegare poengtert at det er gjennomgangstrafikken som er eit problem.
Den parkeringa som er problematisk føregår i den smalaste og minst oversiktlege delen, framfor £yragata 24 og 22 og framfor Potters.
Vi ser det som positivt at ein tek tak i parkeringsproblematikken,  –  men å  fjerne alle parkeringsplassar til besøkande og handlande, må vere litt forbi det som er tenleg for området.

4.2 Gangveg
Gangveg som skal nyttast til køyreveg, må vere dimensjonert for det.
Det bør drøftast om bruken av gangvegen langs rådhusplenen skal vere den eine viktige tilkomstvegen til Kvammegården og omliggande næringsverksemder.
Eit av dei farlege punkta er i ”krysset” ved ”Eldhuset” – der bilistar og syklistar og leikande ungar treffest brått!
I kartet  er ”Infoplassen” og tilhøyrande gangveg ikkje teikna inn, det er tilsynelatande mogeleg å køyre frå Grandanevegen til t.d. Turistkontoret denne vegen.
Den endelege reguleringsplanen bør ha eit oppdatert kart også på dette.
((Kjem ein via Fodnestunnelen og nyttar GPS,  som stendig fleire gjer på ukjende stadar, held denne vegen fram med å vere den føreslåtte vegen, difor skulle melding til Statens kartverk også vere tenleg, om dei ikkje allereie har fått det.))

4.3 Gatetun
Grendalaget er særs nøgd med at gatene og dei opne plassane er regulert til gatetun og at ein her ser samanhengane mellom gatene og tilstøytande geiler.
Møblering av gatemiljø og installasjonar som søppelkassar og askebeger er viktige punkt, men er det naudsynt med presiseringa av spesiallaga møblar? Funksjon og økonomi er viktig, her også.
Dersom dei gangvegane som no er asfaltert skal grusast, må ein sørge for at vedlikehaldet vert betre enn i dag, slik at ein sikrar framkomelegheit,– vegane må også vere rullatorvenlege!
Omlegging av vegbana over Gamle Haldeplass vil gjere til at endå fleire av heilårsbustadene vert utsett for trafikkbelastning svært nær husveggen.
Vi ser positivt på endringa av trafikkmønsteret, men løysinga dekkjer ikkje dei ulike parkeringsbehova i nærområdet, marknadsplassen, møteplassar, grøntareal og leikeområde.

§5 Offentlege friområde
Dei to omtala regulerte friområda Park 1 og Park 2 som skal framstå parkmessig og mest mogeleg som i dag, altså grasplen, det er allereie veg der som no vert definert som gangveg.
Kvifor skal den ha eit punkt som seier det er tillate å opparbeide stiar gjennom områda!
Pkt 5.1 seier ein at det ikkje er lagt inn leikeområde innanfor planområdet, medan ein i 7.2 seier at parken skal vere amfi, leikeareal og frukthage, om ein vel ei anna løysing på Gamle Haldeplassen så kan ein likevel tenkje seg at det kan vere eit grønt areal der.

§7 Kombinerte føremål
Kravet om illustrasjonsplan av privatuteområde må ut, det må vere nok at installasjonar som gjerder, levegger, terrasser m. v. er søknadspliktige.
Omtalen av utforminga av nybygg er for upresis!

7.2 Kombinert garasjeanlegg/park
Underjordisk garasje er for kostbart og kan eventuelt erstattast av fleire fellesgarasjer.
Planen syner inga forståing for at Gamle Haldeplassen har lang tradisjon som torg/marknadsplass  på Lærdalsøyri – og at denne funksjonen bør få halde fram.
Utforminga tek til dømes ikkje høgd for at det under Lærdalsmarknaden er trong for å plassere rundt 100 utstillarar i området.

Legg igjen en kommentar